Seniorane i Suldal IL har også gått fleire skirenn i vinter. Her er det fleire langløp og turrenn som har vore mål for vinteren. Her er eit lite samandrag:

Marchialonga 2023

I slutten av januar reiste Øyvind Røgenes til Italia for å delta i langløpet som hadde 50-års jubileum i år. Øyvind, som seier at han eigentleg har lagt opp satsinga, har nok blitt freista av at mange turrenn har hatt jubileum i år, og det har motivert til å trena litt ekstra likevel. Etter å ha staka seg gjennom 70 km kunne Øyvind gå i mål til ein 133 plass.

Det kan også nemnast at suldølen Ingeborg K.Hoftun, som nå går for NTNUI-langløp også deltok.

HelteRennet 2023

11.mars reiste ein god gjeng over fjellet til Rauland for å delta på HelteRennet 43km. I knirkefritt og flott vintêrver gjekk årets renn. Rennet har ulike distansar, men Suldal IL var representert i HelteRennet 43km og Ungdomshelten 13km. Gradestokken viste -10 grader og gav eit noko trått føre for løparane, vart det meldt.

Simon Bakka deltok i Ungdomshelten og gjekk inn til 1.plass i sin aldersklasse G13. (Dette resulterte i ein 5.plass av 17 deltakarar i Ungdomshelten 13.,14.og15-åringar).

Fleire heltar frå Suldal IL: Øyvind Røgenes  nr.13, Simon Bjørheim nr.32 og Stig Morten Nerheim nr.40.( Dette er plasseringane deira i HelteRennet. Eg har ikkje tatt med plasseringa i aldersklassane deira.)

Birken og Sesilåmi 2023

Ei travel helg 18.-19. mars vart det for Øyvind Røgenes og Lars Lunde då dei gjekk Birkebeinerrennet (54km) på laurdagen, før dei sette seg på nattbussen og kunne starta på det 52 km lange Sesilåmi frå Brokke i Setesdal til Sinnes i Sirdal søndag morgon. Simon Bjørheim deltok også på Sesilåmi i år.

Øyvind staka seg gjennom Birken i klassen HerreElite til ein 177.plass. på tida 2:57:48. Lars gjekk på tida 3:28:07 som haldt til ein 29.plass i klassen M40-44.

I Sesilåmi vart Øyvind nr.8, Simon nr.16 og Lars nr.31 i herreklassen.