Tour de Hardanger 2023

I vinterferieveka 4.-5.mars vart Tour de Hardanger arrangert av Røldal IL og IL Korlevoll. Suldal IL hadde 11 skiløparar med denne strålande flotte vinterhelga. Her var det tre konkurransar på to dagar på to anlegg. Det starta i Røldal med prolog i fristil laurdag føremiddag, før det vart fellesstart i klassisk på ettermiddagen frå dei som var 13 år eller eldre. Å starta i felles felt kan vera ei utfordring, spesielt når ein skal opp ein bratt bakke og gjera ein u-sving på toppen («flaggstongbakken»). Spennande for publikum å sjå på…  Suldalsløparane greidde seg alle godt gjennom utan knuffing, brekte stavar, fall eller anna. For dei yngste var det kretsrenn, kor altså lag frå nabokretsen også var invitert til å delta. Mange gode skirenn for løparane frå Suldal på det kalde føret.

Søndag var det jaktstart i fristil på Korlevoll for alle klassar frå 13 år og oppover. For dei yngste var det nytt kretsrenn. Ein verkeleg strålande søndag i kaldt og fint vintervêr med mange flotte skirenn av løparane frå Suldal.

Kvart renn hadde sine resultat /plasseringar. Og fullstendig resultatliste finn de her: https://www.skiforbundet.no/hordaland/aktuelle-saker/2023/3/tour-de-hardanger-vel-gjennomfort/

Etter jaktstarten søndag, kunne dei eldste løparane skilta med følgjande resultat:

G13: Simon Bakka nr.2, Gaute Gjuvsland nr.9

G14: Daniel Bakka nr.3

J16: Mathea Vik nr.1

Intervallstart (laurdag /søndag):

G11: Jone Gjuvsland nr.3 , Åbjørn Marcussen Moe nr.6

Andre løparar frå Suldal som gjekk flotte skirenn denne helga: Klara Marcussen Moe, Edel Gjuvsland, Aslak Steinbru Lauvsnes, Olav Marcussen Moe og Cecilia Vik.

Kong Haralds Ungdomsstafett 2023

Mathea Vik vart i år plukka ut av skikretsen til å få delta på Kong Haralds Ungdomsstafett i Holmenkollen 11.mars. Kvart år vert det plukka ut løparar i alderen 15 og 16 år som får representera kretsen sin i stafett. Kvart lag består av to jenter og to gutar, og kvar etappe er på 3,5 km i fristil. Mathea vart tatt ut til å gå på Agder og Rogaland 2. Her gjekk ho ein fin 3.etappe, og Agder og Rogaland 2 gjekk inn til ein 19.plass. (Det kan også nemnast at Agder og Rogaland 1 fekk 8.plass).

Agder og Rogaland 2:

1.etappe: J15 – Marie Utheim Svela, Bjerkreim IL

2.etappe: G15 – Torbjørn Grindheim, Otra IL

3.etappe: J16 – Mathea Vik, Suldal IL

4.etappe: G16 – Vemund Myhre, Vegårshei IL

Jentene til Agder og Rogaland sine lag i Holmenkollen.

Mathea nr.3 f.v.

(Foto: Agder og Rogaland Skikrets

Vestlandsmeisterskap

Helga 18.-19.mars var det Vestlandsmesterskap 2023 på Voss for løparar frå Agder Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Laurdag var det klassisk intervallstart. Søndag fristil t.o.m 12 år og skiatlon f.o.m 13.år. Skiatlon er ei langrennsøving med stilskifte, der utøvarane først går klassisk langrenn og byter ski halvvegs til fristil i andre delen. Suldal IL hadde fleire løparar påmeldt, men det vart litt fråfall pga. sjukdom. Brørne Jone og Gaute Gjuvsland gjekk for Suldal IL på Voss denne helga.

Jone gjekk inn til ein 2.plass i den 2 km lange løypa på laurdagen, Gaute til 9.plass på sine 3 km. Søndag vart 9.plass for Gaute i 2×2 km skiatlon.