Torsdag er det klart for fjerde og siste skikarusell i lysløypa. Denne gongen er det Suldal IL som er arrangør og skirennet går i fristil.
Vêrmeldinga seier at det skal bli fuktig og litt vind, men kler ein seg godt og har med litt tørt skift blir det ein bra kveld ved Mosvatnet. Det blir premiering, og aspirantane og trimmarane får premien sin etter kvart som dei kjem inn til mål. For dei som går på tid vil det blir premieutdeling inne i varmestova, fortløpande etter kvart som dei ulike klassane kjem i mål.
NB. På grunn av mildvêret er det ikkje nok snø over Gratishaugen og alle må difor snu rett før. Det vil bli sett opp markeringar.
Minnar òg om at det blir ein velfylt kiosk med mange godbitar.
Bli med på årets siste skikarusell 🙂