Søndag 26. mars kl 13.00 ønskjer Hamrabø skiløype og Suldal IL velkomen til skirenn på Kleivane i Hamrabø.
Stilart: Klassisk distanserenn
Tid: Første start går kl. 13.00
Stad: Hamrabø. Parkering på den kommunale parkeringsplassen, eller
på Tveitane. Hamrabø ligg mellom Suldalsosen og Nesflaten, ca
40 min frå Sand (sjå vedlagt kart).
For å komma opp til start må ein rekne med at det
kan ta 30 min for dei minste, var ute i god tid.
Om rennet: Dette er eit godt gamaldags skirenn. Det er varmestove og ta med niste og drikke.
Distansar:
Aspirantklasse for dei under skulealder
1 km 1. – 4. klasse
2 km 5. – 6. klasse
3 km 7. – 8. klasse
6 km 9. -10. klasse, damer junior og senior
9 km herrar junior og senior
Premie til alle som deltek.
Startkontingent: 50 kr.
Påmelding med namn, klasse og idrettslag til ski@suldal-il.no innan fredag 24. mars kl 18.00.
Helsing Suldal IL, skigruppa og Hamrabø skiløype
Kartutsnitt over Hamrabø