Om lag 180 ivrige skiløparar har i vinter delteke på Telenorkarusellen i lysløypa på Gullingen. Veldig gledeleg at så mange nye aspirantar har komme med og gjort kveldane i løypa ekstra kjekke.

Foto: Suldalsposten

Fire kveldar i februar og mars har Hjelmeland IL og Suldal IL invitert til skifest for både aktive, aspirantar og trimmarar. Aldersspennet har vore stort, frå dei yngste i barnehagealder og til dei eldste kor me òg har hatt med eit par pensjonistar. Skikarusellen er meint til å vera eit lågterskel-tilbod til alle som har lyst til å gå på ski, gjerne saman med fleire. Om ein vil konkurrere mot andre, med seg sjølv eller berre ha seg ein fin skitur, er det plass til alle.

Siste og fjerde renn gjekk i mildt, og til tider litt fuktig vêr. Regnet såg derimot ikkje ut til å lage noko dårleg stemning og det var berre blide fjes å sjå både ute i løypene og inne i varmestova. Denne kvelden var det tid for premieutdeling, og det vanka både luve og glas til alle.

Sjølv om det i lågheia har minka ein del på snøen er det framlies flotte skiforhold. Kanskje du er sugen på fleire skiturar utanom skikarusellen? Då vil det framleis vere bra i lysløypa, men òg i heia elles, til langt over påske. Søndag 26. mars går òg Hamrabørennet av stabelen. Dette er eit familierenn for både aktive, trimmarar og aspirantar. Sjå info på HAMRABØRENNET 2023 | Suldal idrettslag (suldal-il.no)

Hjelmeland IL og Suldal IL takkar deltakarar, foreldre og besteforeldre for i år og ønskjer velkomen att til ny karusell neste vinter!

Her er lister over deltakarar og resultat samanlagt og siste renn: