Det vart ein flott dag som vanleg på Kleivane i Hamrabø idag, med strålande sol og påskestemning.

Det er ikkje noko å seie på servicen frå familien Havrevoll; Vegard, Tom, Neri, Torunn og Sveinung når dei skipar til det tradisjonelle skirennet “Hamrabørennet”. Sekkar, ski og deltakarar/publikum vart frakta opp på snøscooter og alpebuss, her er det plass til alle.

Read more

Skirennet er eit samarbeid mellom Hamrabø Skiløype og Suldal IL. Fleire aspirantar og aktive skiløparar frå Suldal IL, Rein IL og Hjelmeland IL stilte til start. Det vart mange gode plasseringar og resultat. Dette er eit godt gamaldags skirenn der alt føregår utandørs. Varm saft etter målgong vart det servert også på Kleivane. Klister, voks og solkrem, flott varmestove for å varme seg i, brettspel og bålpanne var noko at det alle kosa seg med denne flotte søndagen. Kjekt å sjå så mange aktive og glade deltakarar og publikum. På heimturen ned frå Kleivane og til garden i Hamrabø rann nokre på ski medan andre vart frakta ned igjen på alpebussen. Sola skein heile dagen, det vart påskesnø i løypa nedover, og det blei ein del knall og fall og lått og løye på heimveg. Alle var einige om at det var ein flott dag. Tusen takk til gjengen i Hamrabø som tek så godt i mot alle og skipar til dette arrangementet. Om noko er usikker på kor dei skal legga påskeskituren, ta ein tur til Kleivane og test ut dei flotte skiløypene og naturen der oppe.

http://www.suldal-il.no/wp-content/uploads/2023/03/Resultatliste-Hamraborennet-2023.pdf