Satsing, tålmod og trening gir resultat

Suldal idrettslag har gjennom konkurransesesongen 2022/2023 hatt mykje god aktivitet der fleire utøvarar har vist gode prestasjonar. To utøvarar har prestert på eit nivå som kvalifiserer til ei ekstra utmerking i årsmøtet, og det vart ekstra trukke fram at dei to er med på å skape godt miljø, samhald og lag i skigruppa frå dei yngste til dei eldste.

Øyvind Røgenes får si tildeling grunna krinsmeister 2022, men prestasjonane hans i langløp står vel så høgt. Han har nå trappa ned treningsomfanget, men den avtroppande gruppeleiaren for ski, Per Even Tjøstheim, trakk fram at: ja, han har gått fort på ski i år etter år, men samstundes har han teke seg tid til å vera med på treningar og samlingar for dei yngre. Dette vert lagt merke til, og har gitt merkbare positive ringverknadar i skigruppa.

Simon Bakka er «up and comming» og vart i tillegg til dobbelt krinsmeister 2023, vinnar av krinscupen i Agder og Rogaland skikreins 2022/2023. I cupen inngår totalt seks skirenn, og dei fire beste resultata vert teljande.

Dei to karane fekk sine utmerkingar i årsmøtet i går.

Simon Bakka

Årsmøtet grunngir tildelinga med at Simon Bakka vart dobbel krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets i klassisk distanse og sprint fristil (G13).

Øyvind Røgenes

Årsmøtet grunngir tildelinga med at Øyvind Røgenes vart krinsmeister (KM) i Rogaland og Agder skikrets i 15km klassisk, Menn senior.