Det går mot påske og a-laget innleier høgtida med treningshelg.


Lørdag var det klart for treningskamp mot eit lag samansett av suldøler som sporty stilte opp for å gi a-laget kamp. Prestavikjo viste seg frå si beste side med sol, glimrande forhold og like grøn matte som alltid. Mange tilskodarar og rein hosianna-stemning både på og utanfor banen, som seg hør og bør ei palmehelg. Spelet bar preg av ein viss nivåforskjell, og det skulle vel berre mangle. På eine sida eit nykomponert lag, for anledninga i kvitt, med ein mix av spelarar i alle aldre, heilt ned til ungdomsskulealder. Unggutane Emil, Aksel og Rasmus gjorde ein god figur for kvittrøyene og spesielt sistnemnde som tok jobben med å vokte målet og som hadde fleire gode inngrep.
På andre sida Suldal som har ein god treningsvinter bak seg, og som hadde sin siste kamp før det verkeleg brakar laus om eit par veker med seriespel. Etter kvart i kampen fekk Suldal hol på byllen og det vart til slutt sju mål, og det burde nok vore fleire. Verdt å nemne av måla er Ørjan si frisparkperle mot slutten og Håvard sitt velplasserte skot i lengste etter ein finurlig assist frå Atle (skot som gjekk bakover i banen).
(Sidan referenten er ny i a-lagstroppen, bør administrator trø til og redda han: Jone putta visstnok to mål, og nåde den som gløymer å referea at han skårar! Me kan og nemna at i dagens lag er det fleire nye fjes: Nemnde Sveinung Nessa er Jelsabu og herja på midtbanen deira i seniorserien i kommunen i fjor. Han har tidlegare spelt seniorfotball for Norheimsund. Med seg frå Jelsa har han Marius Sigstad. Han har mange år bak seg i Suldalsgutane. Isak Berekvam Steine frå Nesflaten var også med på Suldalsgutane. Atle Mehus kjem frå Sauda, og er ein gammal kjenning. Han skulle spelt for Suldal i 2020, men korona sette stoppar for den sesongen. I fjor spelte han for moderklubben Sauda, men dei stiller ikkje lag i år. Med slek i Vik er han nesten som suldøl å rekna, og ein solid forsterking for oss.)
Bakerst for Suldal kontrollerte ein trear beståande av Tom, Ingve og Torjus med ro og mange fine ballar framover i banen. Det vart likevel eit mål til «gjestane» mot slutten. Pål Erik Jelsa Landsnes viste gamle kunster og ekspederte med stoisk ro ein ball i mål frå corner. 7-1, og med det resultatet kan Suldalsspelarane snart trygt sprette påskeegget og lade batteria til seriestart.
Referent: Sveinung Nessa.
