Det er ikkje så ofte jentene får spela saman. Derfor var det lett å takka ja då Sauda inviterte til treningskamp for deira nyoppstarta J11-lag.

Me reiste inn med fire 11- og fire 12-åringar laurdag 15. april. For nokon var det første gong dei spelte på eit reint jentelag, for andre var det første gong dei spelte på 7’ar-bane, så noko spenning var det nok i forkant.

Likevel kom Suldal godt i gong, og var laget som hadde ballen mest i starten, det var ikkje langt i frå at me tok leiinga. Det var derimot Sauda som skulle få det første målet og gjekk opp til 1-0. Så følgde laga kvarandre som skuggar resten av kampen. Suldal utlikna og gjekk opp i leiinga 2-1, før Sauda igjen utlikna. Hugsar ikkje i farten om det var Suldal eller Sauda som gjekk opp til 3-2, men den leiinga blei raskt utlikna. Då me hadde spelt 57 av 60 minutt stod det framleis 4-4. Om underteikna ikkje er heilt objektiv, så meinar han likevel at Suldal var laget som då hadde størst sjansar til å få vinnarmålet. Slik gjekk det ikkje. Ei saudajente la ut på eit dribleraid som førte til leiing rett før slutt. Då var det alle jenter i angrep for vår del, og eit siste kontringsmål i mot kom heilt på tampen. slik at det blei 6-4 til vertane.

Uansett ein veldig spennande og jamnspelt kamp der alle jentene fekk vist seg fram med god innsats og til tider godt spel. Med berre åtte spelarar, blei det mykje speletid på alle. Saudajentene var så mange at dei hadde to fulle lag, og kunne setta utpå utkvilte spelarar i 2. omgang. Dei fekk ei god gjennomkøyring før dei skal debutera i J11-serien til fotballkretsen tysdag.

Etter kampen inviterte Sauda på pizza i klubbhuset, før me svinga heimover.