
Endelig ruller den runde kula rundt på ulike baner i norges land. Likevel er våre auger retta mot 6 divisjon avdeling 3 der Suldal sitt herrelag held til. Før denne sesongen hadde Ørjan teke ansvaret for laget med Jone som assistent. Ørjan skal var spelande trenar, men halde seg mest på sidelinja slik underteikna har forstått det ut frå treningskampane i vinter. Jone skal i hovudsak vere spelar, men var ei støtte i ulike avgjerslar rundt laget.
Til denne sesongen har det også blitt gjort tre gode signeringar i Jonas som kom frå 4 divisjonsklubben Hundvåg, Sveinung som kjem frå Jelsa, men spela sist i Norheimsund og Atle som er resignert frå Sauda. I tillegg er det fleire unggutar som har trena med laget i vinter og som er klar til å bidra. Marius som er son av tidlegare stoppar, Tor Arne, Sindre frå Suldalsosen. Sist av debutantar til seriåpningen var Isak Berakvam.
Første kamp for sesongen var Fiskå. Eit lag me møtte i fjor der me følte me kunne fått meir enn det eine poenget me fekk- Fiskå spelar ein fysisk fotball med mykje lange ballar og trøkk i spelestilen. Dette visste me frå i fjor og burde vore vere klar for. På heimabane er det få lag som tar poeng frå dette relativt nyoppstarta laget i gule drakter.
Til denne kampen hadde me ein del forfall, som me dessverre har veldig ofte. Likevel var det eit godt lag me hadde og det var til tider bra fotball det Suldal viste. Sjøl om det til slutt vart tap er det mykje positivt å ta med seg frå denne kampen.
Jonas: Ein offensiv keepertype som kjem til å bli viktig. Fleire gode involveringer i debuten sin og ein positiv kar som ein antar glir godt inn i gruppa
Ingve: Sentral i stoppartrioen til denne kampen. Ein god kamp der han fekk vist både at fart og fysikk er godt å ha i forsvar. Har også ein god pasningsfot som me kjem til å sjå mykje av
Johannes: Ein bra kamp som venstre midtstopper. Johannes har spelt for Suldal i ulike posisjonar, men han viser ro og er ein stødig stoppar.
Tom: Det meldes om veldig gode treningar i vinter og treningskampar av god kvalitet. Den unge karen frå Sand viser at ståpå-vilje nyttar. Ein god kamp av høgre midtstoppar denne kvelden på Tau
Håvard: Løpsmaskina står ikkje tilbake frå nokon i denne divisjonen. Gjer det han kan best, som er å vera bindeleddet mellom forsvar og midtbanen. Bra jobba. Får gult kort ut av ingenting egentlig.
Tore: Egentlig spelt mest spiss dei siste åra, men denne karen gjer seg heller ikkje bort som sentral midtbane. Hadde to svære sjansar som kjem til å sitte neste gong. Han har «presence» som få og dagens kaptein viste at han er å rekne med også denne sesongen
Rene: Kva skal ein seie om erfjords Modric?! Veteranen er langt inn i førtiåra, men jobbar og slit slik me kjenner han. Det er aldri vakkert eller grasiøst, men han gjer ein uvurderlig jobb med å lage det kjipt for motstandar
Espen: Eit lite comeback av Mr Josdal eller Mr aldrisliten som ein også kan kale han. Spring some in gazelle på sin vingback. Blir ein god spelar å ha i Suldal. Bekler ulike posisjonar utan å klage. Slikt likar me.
Arin: Som Espen er Arin ei kondismaskin. Jobbar og slit heile kampen. Klagar på noko i foten og blir bytta ut med Marius i pausen.
Muhammed: Ein første omgang av pur kvalitet. Dette var takter ein kan like av den unge sandsbuen. Får velfortjent skryt og me håpar at han bygger videre på den prestasjonen. Forsvinn litt ut i kampen, men kjem til å få ein god sesong om dette fortset.
Jone: Suldal sitt svar på Bruno Fernandes jobbar og slit. God første omgang av Utbjoa, men han blir nok litt tom utover kampen. Blir bytta ut 5 minutt før slutt.
Daniel: Kjem inn som innbyttar og får ein halvtime. Gjer ein god figur og er ein kar me kjem til å få mykje glede av denne sesongen.
Marius: Kjem inn for Arin i pausen og viser at han ønsker å kjempe om ein plass på vingbacken.
Sindre: Kjem inn for Marius dei siste 10 minutta. Jobbar godt og kjem godt frå debuten
Isak: Friske 5 minutt pluss tilleggstid. Jobbar godt på topp og viser god moral
Sjansane:
Muhammed aleine med keeper. Stralande av den bakerste hjå Fiskå som redder det som på mange andre målmenn hadde blitt mål
Tore: Hadde han droppa siste tur til frisøren hadde han stanga ballen i mål. Nære på mål i første omgang
Tore: Aleine med Fiskå sin målvakt. Skyt forbi han bakerste, men også utanfor målet. Svær sjanse som Tore skal omsette i mål. Neste gong er målet bankers
Fiskå sine mål:
1-0: Fint spel der spissen deira kjem gjennom. Strålande avslutning der ballen blir chippa over Jonas i suldalsburet
2-0: Eit mål som er alle målvakters mareritt. Direkte frå corner skrur ballen inn i bakerste hjørnet til Jonas. Den er vanskelig, men Jonas meiner han burde tatt den. Då seier me det. Den neste tar an😊
Kampen:
Tett og jevn kamp der Fiskå får mål på sjansane sine. Greit nok at dei vinn, men med dei høge ambisjonane dette laget har, så bør heimakampane vinnas. Me viste absolutt at me er eit bra lag. Jobben Jone og Ørjan gjer gir resultater og allerede neste kamp er det gode muligheter for tre poeng. Laurdag 22 april kjem Sunde 2 til Prestavikjo. Kampstart klokka 13.00
