Kjelde: wikipedia.no

Kraftprodusentane i bygda trør verkeleg til. Denne gong er det Kleivane Kraft AS som støttar med gode 20.000 kr.

Kleivane Kraft AS eig Kleivane kraftverk. Dette er eit kraftverk som ligg i Mo i Suldal, og utnyttar fallet på 199 meter i Mosåno, den som renn ned frå Mosvatnet ved Gullingen, for dei som ikkje er lommakjent. Wikipedia spriker i eigen fakta, dei opplyser om innstallert effekt på frå 750 kW til 1 MW.

Kanskje på sin plass med ein liten fysikktime her: 750 kW = 750.000 watt. 1MW = 1 megawatt = 1.000.000 watt. Enklare sagt: Innstallert effekt om lag 750-1000 kW. Årsproduksjon er oppgitt til mellom 2,6 GWh – 3,9 GWh. 1 GWh er det same som at ein bruker ein milliard watt i ein time. Når ein så samanliknar kapasiteten til ulike kraftverk, så er det dette talet ein må sjå på. Til samanlikning har Kvilldal kraftverk ein årleg produksjon på 3131 GWh…

Støtta me får frå Kleivane Kraft AS er ekstra imponerande når ein veit at dei har vore ute av drift i mange av dei beste produksjonsmånadane med best kraftpris grunna lynnedslag. Heldigvis er dei oppe og går igjen.

Tusen takk for støtta!