Det passa godt at rett før me skulle til Sauda på Saudacup så fekk me melding om at Sparebankstiftelsen Sauda har tildelt kr 151.000,- til Prosjekt Prestavikjo!

Saman med dei 100.000,- Sparebankstiftelsen Sauda alt har tildelt øyremerkt tribunebygging, så er den samla støtta til Prestavikjo frå nabokommuen nå oppe i ein kvart million!

Det var bankdrift i Sauda Sparebank gjennom 118 år med drift som gav grunnlag for Sparebankstiftelsen Sauda. Sparebankstiftelsen skal i følge https://isauda.no/om-sparebankstiftelsen-sauda/ gi deler av overskotet sitt til allmennyttige formål og vera ein langsiktig eigar i Sparebanken Vest. Overskotet skal fordelast der midlane opprinnleg er opparbeida. Det medfører at 5 % av midlane blir øyremerkt prosjekt i Suldal kommune. Dei ønskjer å støtta opp om tiltak som aukar trivselen og gjer lokalsamfunnet endå meir attraktivt å bu i. Det håpar og trur me verkeleg at «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!» vil bidra til.

Meir informasjon om stiftinga og kva dei gir i kan de finna på nettsida deira .https://isauda.no/

Tusen takk for støtta!