
Årets første heimekamp, og referat av nysigneringa Sveinung Nessa:
Me er ein seint i april – sola skin, bjørka sprett og endeleg var det duka for første heimekamp. Skitlukta ligg som eit teppe innover dalen og gjødselvognene går i skytteltrafikk forbi Prestavikjo med møk.
Det er berre så vidt Torjus, som også er ute i same ærend på formiddagen, klarar å rive seg laus og stille til kamp. Med han og resten av Suldalsgjengen på plass, er alle klare når klokka tikkar mot tretten, og innstilte på å starte poengsankinga for i år. Litt glissent med tilskodarar, men det får fotballeiaren ta på sin kappe, som har sendt alle fotballinteresserte i bygda på cup i Sauda.
På motstandaren sin banehalvdel står Sunde 2 i kliss like draktar som Suldal, før dei får tredd på seg nokre raude vestar. Dette er eit lag Suldal bør slå, og jammen ser det lyst ut allereie frå start. Innan eit minutt har gått, brenn me ein kjempesjanse. Like etterpå, i det andre minutt, kjem likevel første scoringa, signert Mohammed. På dette stadiet tenker nok dei fleste at denne kampen blir plankekøyring. I alle fall når Suldal i starten speler seg til fleire gode sjansar, men desse blir dessverre ikkje omsett i mål. På 1-0 peikar pila meir og meir over i andre retning. Sunde 2 tar over banespelet, sjølv om dei ikkje spelar seg fram til dei store sjansane. Kan hende er det heteslag som er kome over Suldalsspelarane. I alle fall er det noko meir usikkert og tafatt utover i omgangen. Då er det godt at Atle får putta ballen i mål like før pause, noko som gir ein ny giv for andre omgang.
Måla lar vente på seg også i andre omgang, sjølv om Suldal har heva seg igjen. I det 68. minutt kjem Øystein seg fint gjennom i feltet, blir felt og dommaren peikar på straffemerket. Jone set ballen i mål og etter dette ser ikkje Suldal seg tilbake. Det er einvegskøyring og måla renn inn. Mohammed endar til slutt på fire mål, men ekstra kjekt i dag var det at unggutane Isak og Marius noterte seg på scoringslista. Sistnemnde hadde eit friskt innhopp med nokre gode raid på venstresida mot meir og meir resignerte Sunde-spelarar. Endar til slutt på 9-0 og ein roleg dag på jobben for sisteskansen, Jonas. På eit tidspunkt står han faktisk og triksar for seg sjølv med ein ball nummer to, medan resten av spelarane er i andre enden.
Alt i alt ein god kamp for heimelaget, men litt urovekkande at me slepper oss nedpå i ein kamp me bør avgjere mykje tidlegare. Men noko må ein jo jobbe med, og med det sagt, er det mange gode prestasjonar og mykje positivt å ta med seg frå denne kampen.
Fakta:
Sjå kamprapport her:https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=8216275
Fakta:
