Sol og vind i Prestavikjo i dag, og eit heimelag kledd i svart for høvet.

Gjestene frå Paradis satsa på at raude vestar skulle vera godt nok som bortedrakt, for å dekka over dei Newton Heat-inspirerte grøne og gule draktene sine. Suldalsspelarane var lite begeistra for dette, for det gule som viser på ermane blir for likt vår eigen farge. Derfor altså svart og bortedrakter på oss i dag.

Paradis kom frå vaktoppdrag i Kongeparken tidlegare i helga, men dei verka ikkje særleg trøyte. Gjennom heile kampen gav dei Suldal god motstand. Det var dei som hadde presset både dei første og siste minutta av kampen. Det i mellom var heldigvis Suldal det laget som alt i alt var best, og burde nok ha skåra eit mål og to slik at spenniniga ikkje varte heilt til kampslutt.

Som nemnd var dei første sparka på ballen bortelaget sine, men alt etter seks minutt var det Suldal som sette det første målet i nettet. Håvard Fatnes tok eit godt hjørnespark, og på første stolpe kom godstoget Tore Bendiksen Søraas og stonga inn 1-0 med hovudet. God start, skulle det bli like lett som sist heimekamp?

Neida, det skulle ikkje det. Gjestene hadde fleire gode fotballspelarar, nokre med fart og teknikk, andre med rutine og speleforståing. Her måtte ein kjempa for kvar meter og mål.

Då kvarteret var spelt vart det duell i Suldal sitt straffefelt. Ein Paradis-spelar gjekk i bakken og dommaren peikte på straffemerket. Vanskeleg å seia frå underteikna si side, men det var få protester mot avgjersla. Paradis-spelaren sette straffa sikkert i mål til høgre for vår keeper Jonas Thorgersen Laukvik.

Etter ein halvtime var det igjen tid for duell paradismann mot suldalskeeper då dei kom åleine igjennom. Denne gong var det Jonas som var best, og hadde ei god redning. Resten av omgangen vart det ein del frispark og stopp i spelet, ikkje den store flyten. Eit suldalsmål blei nok korrekt anulert.

I andre omgang vart det litt meir Suldal og litt mindre Paradis, i alle fall første halvdelen. Eit par minutt ut i omgangen var firemålsskåraren frå sist kamp, Mohammed Ibrahim Dawud, i fart midt på Paradis sin halvdel. Han skar litt inn, kikka opp og såg det var ledig i motsett hjørne. Frå om lag 20 meter skrudde han den som Beckham i ein flott boge over alle spelarane og opp i bortre kryss. Eit flott mål!

Suldal hadde nokre sjansar til å auka leiinga, men det ville seg ikkje heilt. Litt meir bestemt og noko meir samhandling på siste tredjedelen, så kunne ein ha avgjort kampen.Ved eit høve hadde heimelaget ein trippelsjanse der Mohammed og Håvard var involvert, utan at ballen gjekk inn. I staden kom Paradis meir med igjen, og dei fekk til nokre angrep og sjansar. Størst var nok sjansen då dei fekk ballen i tverrliggaren og returen hamna hos ein motspelar på femmeteren. Heldigvis viste Jonas i mål at han har mange kampar bak seg på streken i 3. og 4. divisjon, og var kjapt nede og haldt ballen fast.

Mens Suldal førte ballen og jakta eit tredje mål, fekk Paradis sjansen til å kontra. Den raske spissen fekk Sindre Vik etter seg inn i vårt straffefelt. Sindre jobba godt for å hindra at spissen fekk avslutta, men det blei nok litt for mykje armbruk til at dommaren kunne la det gå. Skulle Paradis få sin andre straffe i mål? Heldigvis blei det for mykje fiksfakseri frå straffeskyttaren, han blei finta ut av si eiga finte og skaut over mål. Ein godt besøkt tribune jubla godt, og så får ein litt kjensla av «er det eigentleg greit å jubla av andre sine feil»? Straffar er hjarterå greier, uansett kva nivå ein er på. Dei skal ha skrøyt dei som tek på seg dette ansvaret!

Det hadde nok ikkje vore eit ran om Paradis fekk eitt poeng, dei var absolutt på høgde heile kampen, men det kjentest uansett fullstendig rettvist at det blei heimesiger! God arbeidsøkt av alle.

Neste helg skulle me fått besøk av Viking 3, men dei har visst alt nå funne ut at dei ikkje greier å få lag til å møta oss. Merkeleg at det tilfeldigvis skulle vera den lengste bortekampen dei ikkje greier…. Skuffande! Heimekamp i Vikjo er noko som trekkjer mange folk, nå blir me snytt for eit helgehøgdepunkt. Neste heimekamp blir laurdag 3. juni kl 13.00 mot Midtbygdens 2.

Fakta:

Mål:

6 min: 1-0: Tore Bendiksen Søraas, målgj Håvard Fatnes

15 min: 1-1: Straffe

47 min: 2-1: Mohammed Ibrahim Dawud

Gule kort:

Mohammed Ibrahim Dawud, Marcus Karlsen, Sindre Vik, Øystein Nærheim, tre til Paradis.

Lag:

Keeper

1 Laukvik, Jonas Thorgersen  

Forsvar

4 Berge, Ingve  

15 Steine, Torjus  

17 Karlsen, Marcus  

Midtbane

2 Fatnes, Håvard 

5 Mehus, Atle Espevik  

7 Utbjoa, Jone 

10 Adjemi, Rene  

13 Nærheim, Øystein

Angrep

9 Søraas, Tore Bendiksen 

11 Dawud, Mohamed Ibrahim

Innbytter

16 Espe, Daniel Berge 

25 Vik, Sindre