Med atterhald om at gåva blir vedteke på årsmøtet neste år, ønskjer Nedre Suldal sanitetsforening å støtta prosjektet i Prestavikjo med flotte 20.000,- kroner!

I sanitetsforeninga sine vedtekter står det at slike gåver må godkjennast i årsmøte, det er ikkje formelt nok at ein vedtek det i eit styremøte, men frå fleire hald blir det stadfesta at det blir ein formalitet. Så me må seia tusen takk for flott bidrag!

Nedre Suldal sanitetsforening har nedslagsfeltet sitt i Vinjar skulekrins, og er ein del av Norske kvinners sanitetsforeining https://sanitetskvinnene.no/nedre-suldal-sanitetsforening . Sanitetsforeninga er den største kvinneorganisasjonen i Noreg med 43.000 medlemmer fordelt på 550 lokallag. «I 125 år har våre frivillige bidratt gjennom aktiviteter og fellesskap, og stått i front for kvinneliv og folkehelse. «

Me kjenner dei alltid att på fastelavensrisa dei sel kvart år, men dei har spesielt tre områder dei fokuserer på:

  1. Fremma kvinner si helse og livsvilkår 
  2. Bidra til ein trygg og inkluderande oppvekst 
  3. Skapa trygge lokalsamfunn

Her meinar me at me treffer midt i fokusområda på alle tre punkt, og er glade for at sanitetsforeninga også ser det slik!

Tusen takk for støtta!