
Gleda var stor for eit par veker sidan då telefonen frå Sparebankstiftelsen SR-Bank kom med beskjed om stor støtte til Prosjekt Prestavikjo. I dag kom Vibece Herabakka med synleg prov på gåva!
I tillegg til den halve millionen stiftinga støttar prosjektet med nå, så har dei tidlegare støtta med kr 100.000,- øyremerkt tribune. Dermed er den totale støtta frå SR-Bank komme opp i heile kr 600.000,-!
På nettsida srstiftelsen.no kan ein lesa at Sparebankstiftelsen SR-Bank er største eigar i SR-Bank, og har sidan etableringa i 2012 tildelt 786 million i gåver. I 2023 har dei så langt delt ut 85,3 million til prosjekt for barn og unge innan idrett og oppvekstmiljø for alle. Stiftinga sin visjon er «Sammen skaper vi gode lokalsamfunn», og verdiane er «Engasjere, skape og utvikle. Sammen skaper vi verdier.». Om våren er gåvestrategien at ein skal gi til idrett og oppvekstmiljø for alle, som me nå fekk frå. Om hausten prioriterer stiftinga formålet kultur, friluftsliv og kompetanse for alle.

Denne gåva monar godt med tanke på budsjettet som Suldal IL skal stå for, og det er realistisk å få til svært mykje av det me ønskjer oss. Det gjenstår nokre svar på spelemiddelsøknadar før me veit heilt sikkert kva me har å forhalda oss til når me snart ønskjer å gå i gong med «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!»
Sparebankstiftelsen SR-Bank kom også med meir støtte til Suldal IL. Skigruppa fekk også støtte til meir skiaktivitet ved lysløypa. Meir om det kjem i eigen sak.
Tusen takk for gåva!