
Det går fort mot sommarferie, og for nokon kan det kanskje passa med fotballskule?
Tine fotballskole arrangerer kvart år fotballskular rundt om i landet. Er ein på ferie hos slekt i to veker, så kan det kanskje vera godt å få spelt litt fotball nokre dagar. Og er ein heime så kan det vera kjekt å møta fotballspelarar frå andre stadar enn Suldal.
Dersom nokon ønskjer å vera med, så melder ein seg på sjølv. Pris for 3-4 dagar instruksjon, mat og litt utstyr er kr 900,-
Dei næraste fotballskulane for oss i Suldal er nok Sauda, Ølen og Odda, men det er fotballskular over heile landet. Klikk på lenkjene for meir informasjon og påmelding.