Knakande god kamp av Rene i dag!

Endeleg kamp for a-laget igjen etter over ein månad pause.

To heimekampar i den beste tida på året for fotball har gått fløyten på grunn av bortelag som ikkje har møtt. Då var det deileg å endeleg få ta på seg drakten og krangla litt med ein motstandard.

Ein kan gjerne seia det var greit at det var bortekamp denne dagen. I Suldal var det opp mot 25 grader og nesten kvelande varmt på kunstgraset i Prestavikjo. På turen utover til Våganes stadion på Sola trega underteikna på at han ikkje hadde pakka jakke… Sola skein nå likevel, og det var såpass at dommaren arrangerte drikkepausar i midten av kvar omgang.

I første omgang var det ganske jamnt i banespel. Til tider var Sørmarka betre og farlegare, spesielt hadde Sørmarka eit godt våpen i å dobla på begge kantar. Med lite press på deira ballførar i bakre ledd, fekk dei slå gode pasningar i bakrom. (Mange tekniske fotballomgrep her nå!) Det blei ikkje dei største målsjansane av det, men trenar Ørjan Underbakke såg tendensen før det var for seint, og i vasspausen fekk han laget vårt høgare opp i banen. Dette gjorde utslaget, og Suldal fekk meir tak i ballen. Spesielt takke vera Rene Adjemi på midtbanen. Denne karen har funne ungdomseleksiren, og blandinga mellom erfaring, engasjement, krigsvilje, teknikk, overblikk og gjennomtrent kropp, gjorde underverker på midtbanen vår i denne kampen. At han alltid stiller på kamper og prioriterer når terminlista kjem, gjer Rene til ein svært viktig mann for oss. Han er slett ikkje verst som person heller!

Suldal tok etter kvart over, men det mangla litt på oppspelspunkt når me førte ballen framover. Rett før pause skulle det likevel ordna seg. Mohammed Ibrahim Dawud tok ballen med seg på eit raid oppover langs vår høgreside. Han la ein flott ball over på bakre stolpe. Der stod Marius Sigstad klar med hovudet. Tidlegare i kampen hadde han ein liknande sjanse. Då blei headinga inn framfor mål litt upresis. Denne gong styrte han headinga ned mot mållinja. Der var keeper, men også Håvard Fatnes. Håvard vann duellen på lovleg vis, og dermed stod det 1-0 til Suldal. Rett etterpå bles dommaren til pause.

Andre omgang starta slik første slutta, med mål til Suldal. Sørmarkå hadde ballen, gjekk i angrep, men blei brotne. Suldal klarerte til heimelaget sin keeper. Han sleiva og sendte ballen rett i beina på Mohammed. Spissen vår fekk motorveg rett fram mot den uheldige målvakta. I duellen ein mot ein var Mohammed iskald, lurte keeper og sette ballen trygt i mål. Kanonstart!

Sørmarkå hadde vore bra i første omgang, og sjølv med to lite strategiske mål i mot, gav dei ikkje opp. Nå vart det ein periode på 20 minutt der det på mange måtar både var ein stillingskrig om ball, og om kven som var best i hanekamp. Litt kommentarer blei slengt begge vegar, men med glimt i auget. Stemninga var god, men med fleire fysiske og verbale duellar. Er det ein suldalsspelar ein ikkje kjem så langt med å prøva å psyka ut, så er det Tore B. Søraas. Han likar litt temperatur og seier ikkje nei til ein liten krangel. Eit gult kort enda nå Tore med. Alle hald seg likevel godt innanfor sømelege grenser, og dommaren hadde god kontroll. Kanskje bortsett frå då Rene fekk gult kort for å få eit frispark frå Sørmarkå slått rett på seg… Dette ser det ut som at dommaren i etterkant har forstått, kortet er ikkje registrert.

Ny, erfaren keeper: Jonas Thorgersen Laukvik. Her i Bunnpris sin drakt. Foto: Suldalsposten

I tida inn mot vasspausen i andre omgang, kjente nok Suldal at dei hadde kontroll. Espen Josdal på vår høgreving måtte i første omgang fly heile langsida etter backen til Sørmarkå, men i andre omgang fekk han konsentrert seg meir om det offensive. Eit godt innlegg frå han landa hos Tore, men avslutninga gjekk rett på keeper. Etter drikkepausen var heimelaget likevel slett ikkje ufarlege. Forsvarstrearen vår med Tom van Ruiven, Ingve Berge og Torjus Steine måtte fleire gonger i aksjon. Dei les spelet godt og var kompromisslause i duellane. Dei gongene Sørmarkå kom gjennom, viste vår nye keeper Jonas Thorgersen Laukvik kvifor han står registrert med 15 kampar i 3. divisjon, 74 kampar i 4. divisjon og 32 kampar i 5. divisjon. Desse har han spelt i klubbane Hundvåg, Vardeneset, Tasta, Brodd og Buøy. Alle klubbar som er nokre hakk kvassare enn Suldal. Ein gong redda han i stjerneformasjon åleine med angriparen. Ein annan redning gjorde han heilt nede ved stolperrota på avslutning frå kort hald. Den siste store prestasjonen var i siste minutt. Då blei Sørmarkå idømt eit straffespark. Kanskje noko billeg sett frå vår vinkel om lag 60 meter vekke, litt skrått og med spelarar mellom. Dommaren hadde nok betre oversikt. Det blei gjort klart til straffe. Benken til Sørmarkå spurde suldalsleiren om keeper var god på straffe. Til det måtte me rett og slett svara at det visste me ikkje. Straffen kom nede i keeper sitt høgre hjørne. Den var kanskje ikkje så hard, men likevel godt plassert, og ville nok stort sett gått inn. Jonas ville det annleis, han var raskt på plass nede ved stolperota og fanga ballen i sikkert grep. Strålande redning, dommaren bles av kampen og tre viktige og kjekke poeng var på plass. Jonas kunne etter kampen stadfesta at han eigentleg ikkje er så god på straffar. Jo-jo…

Kjekt lag å spela mot, begge lag ønska å spela god fotball, litt godlynt temperatur, ein kamp som kunne ha enda uavgjort, men alt i alt var det etter vår meining fortent med bortesiger. På tabellen står me med 15 poeng etter 6 kampar. Med full pott i dei to neste kampane, vil me kunna kjempa med Fiskå om opprykkskampen. Madla 3 har eit lite forsprang, men kan ikkje rykka opp sidan 2’ar-laget ligg i divisjonen over.

Nå ventar to heimekampar før ferien, dei to neste laurdagane. Neste kamp er på laurdag 17. juni kl 13.00, heime mot Hjelmeland, så kjem Fiskå laurdag 24. juni kl 13.00. Set av desse to kampane i Prestavikjo, her håpar me på «fullt hus» og god støtte for a-laget vårt!

FAKTA:

Mål:

45 min: 0-1: Håvard Fatnes, målgj Marius Sigstad

47 min: 0-2: Mohammed Ibrahim Dawud

Gule kort:

Tore Bendiksen Søraas, to til Sørmarkå.

Lag:

Jonas Thorgersen Laukvik – Tom van Ruiven, Ingve Berge, Torjus Steine – Espen Josdal, Håvard Fatnes, Jone Utbjoa, Rene Adjemi, Marius Sigstad – Tore Bendiksen Søraas, Mohammed Ibrahim Dawud.

Innbyttarar: Sindre Vik, Daniel Berge Espe, Isak Berekvam Steine.