Statskog SF løyver kr 10.000,- til Prosjekt Prestavikjo!
Statskog løyver kvart år ein million kroner til om lag 150 tiltak og aktivitetar, fordi friluftsliv og norsk natur gir livskvalitet og helse.
Statskog skal vera ein garantist for folks tilgang til jakt, fiske og friluftsopplevingar i norsk natur. I Prestavikjo kan ein få friluftsopplevingar på eit nærmiljøanlegg, men me ønskjer også å opna opp Lågastien for fleire, slik at ein kan komma til Suldalslågen om ein treng hjelp av hjul også.
På heimesida til Statskog kan ein lesa mykje om kva dei driv med, og om kor ein kan finna perler for spesielt dei som er interesserte i jakt, fiske og friluftsliv. Dei har ikkje hytter i Suldal kommune, den næraste finn ein på Sandvassbu, noko søraust for Storvassdammen. Det er flotte nettsider ein kan bla lenge i, og få inspirasjon til å nytta naturen me har i Noreg.
Tusen takk for støtta, Statskog!