Eit bilde frå då Isak Berekvam Steine blei seriemeister med Nesflaten IL. Han er blitt nokre år eldre nå…. Foto: Suldalsposten

Etter lang tid var det endeleg klart for ny a-lagskamp på heimebane. Hjelmeland var me ganske sikre på kom til å stilla.

Prestavikjo dirra av varme, så det vart nok ein utmattande kamp for spelarane på begge lag. Suldal prøvde å spela, men lukkast berre til tider, det vart tungt å ta dei naudsynte løpa, og utover i kampen vart det nok prøvd litt for mykje på lange ballar som kom i retur frå eit meir og meir baktungt Hjelmelandslag. Til pause stod det framleis 0-0.

Hjelmeland varta ikkje opp med så mykje, det såg ut til at dei kom for å få eitt poeng. Det skaffa dei seg ved ei kontring der både forsvar og keeperen vår blei tatt på senga to minutt etter pause. Jone Utbjoa hadde nettopp avslutta like utanfor mål. Hjelmeland slo langt, ballen dabba over vår bakerste forsvarar. Hjelmeland sin spiss, som ein må seia verka ganske kvass, fekk ballen, lobba over vår utrusande keeper og sette ballen sikkert i tomt mål.

Suldal si utlikning kom fem minutt seinare. Då fekk me frispark frå om lag 20 meter. Isak Berekvam Steine har vist godt trøkk i skotfoten sin på trening og dei gongene han har fått prøvd seg i kamp. Nå fekk han ansvaret, og det tok han godt vare på. Han banka ballen i mål til fortent utlikning. Isak er ein av dei unge spelarane på laget i år, han er pr i dag 17 år. Ein annan ungdom som har fått ein god del speletid i vår er son av den tidlegare midtforsvarsbautaen Tor Arne Sigstad: Marius Sigstad. Marius er same årgang som Isak, men har rukke å bli 18 år. I dagens kamp hadde han mange gode og lekre involveringar på venstrekanten sin som fort kunne ha resultert i mål. Honnør til begge to i dag for å våga og ta initiativ!

Resten av kampen var som tidlegare nemnd prega av litt for mange lange ballar. Me hadde lenge tru på at det skulle komma eit leiarmål til Suldal, men det ville seg ikkje heilt. Fleire halvsjansar, men altså ikkje nettsus. Då Hjelmeland blei redusert til ti mann etter at ein pådrog seg sitt andre gule kort, blei Hjelmeland endå tettare bakover.

Då dommaren bles av kampen, jubla Hjelmeland som om dei hadde vunne, mens suldalsspelarane gjekk noko molefunkne av banen. Det er stor forskjell på om til dømes den siste corneren hadde gått i mål eller ikkje. Det er lov å vera skuffa, men uavgjort er også eit resultat ein må leva med i fotball. Draumen var nok likevel å vera heilt i ryggen på neste motstandar Fiskå før kampen laurdag 24. juni, slik at det med siger var sjane for å gå forbi dei.

Før kampen for Fiskå ligg Suldal 8 poeng bak, men med to kampar mindre spelt. Dersom Suldal slår Fiskå, så har dei sjanse til å passera dei dersom hengekampane går vår veg.

Møt opp i dag, laurdag 24. juni kl 13.00 og støtt a-laget i siste kamp før ferien!

Fakta:

Mål:

47 min: 0-1: Hjelmeland

52 min: 1-1: Isak Berekvam Steine

Gule kort: Torjus Steine, Håvard Fatnes.

Raudt kort: Hjelmeland (to gule).

Lag:

Jonas Thorgersen Laukvik – Tom van Ruiven, Torjus Steine, Ingve Berge – Atle Espevik Mehus, Jone Utbjoa, Håvard Fatnes, Isak Berge Espe, Marius Sigstad – Mohammed Ibrahim Dawud, Gunnar Skålheim.

Innbyttarar: Daniel Berge Espe, Isak Berekvam Steine, Sindre Vik