Siste kamp før sommarferien, nok ein gong i flott og varmt vêr. Skulle me endeleg slå Fiskå?

Svaret er nei, men det var ikkje langt i frå denne gongen heller. Det er andre sesongen Suldal spelar mot det relativt nystarta laget, og nå har det vore fire jamne kampar der Suldal absolutt er minst like gode til å spela fotball, men der Fiskå er best til å avgjera kampar.

Første omgang var svært lovande. Suldal spelte godt, haldt ballen i laget og hadde fine kombinasjonar. Nokre halvsjansar kom laget til også, både Tore Bendiksen Søraas og Rene Adjemi som begge var tilbake etter pause sist kamp, hadde sjansar som kunne blitt mål. Omgangen enda mållaust, men absolutt med ei tru på at dette kunne gå.

Noko som kanskje faktisk var mål var kanonskotet til Tore frå 20 meter i andre omgang. Den hadde retning mot lengste kryss, smalt i tverrliggaren og dabba ned. Det er vel ingen som eigentleg kan seia 100% sikkert kor den dabba, om den var inne i mål, på linja eller utanfor. Dommaren såg i alle fall ikkje ballen over streken, og me blei snytt for noko som fort kunne vore årets mål.

Omsider blei det mål, og det var sjølvsagt Tore som putta den. Eit langt frispark blei slått høgt inn i feltet frå Ingve Berge. Søraas steig til vers og heada den i mål. NÅ skulle me vel vinna?

Like etter ville Fiskå det anleis to minutt seinare. Ein av fleire lange ballar blei slått i bakrom. Ingve måtte i duell, fiskåspelaren gjekk i bakken, og dommaren dømde straffe. Kanskje var det straffe, men den var etter mange si meining ganske billeg. Jonas T. Laukvik redda straffe mot Våganes. Denne gong satsa han på feil hjørne, og straffen blei sikkert sett i mål.

Halvvegs i andre omgang var det drikkepause, og det var ikkje spelt lenge etter denne før Fiskå fekk frispark. Nok ein lang ball, solid duellspel frå gjestene, og plutseleg leia Fiskå 1-2. Nettopp på det dei fleire gonger før har vist at dei er gode på.

Siste 20 minutta blei ein kamp for Suldal for å skaffa seg utlikning, og ein kamp for Fiskå for å sikra sigeren. Heimelage hadde nokre sjansar til å få ballen i mål, men det ville seg ikkje. Då dommaren bles for full tid, var det nok ein gong bortelaget som jubla. Surt med eitt poeng i desse to heimekampane mot Hjelmeland og Fiskå. Det kunne fort vore i alle fall fire poeng, men det blei med eitt. Ein må ta med seg ein del godt spel, og så må me bli flinkare til å få ballen i mål. Dermed har Fiskå fått eit godt forsprang på 11 poeng på oss, men med to kampar meir spelt. Suldal held framleis 3. plassen. Tabellen kan de sjå her.

Siste kamp for Arin for denne gong.

Når det blir sommarferie, er det av og til siste kamp for spelarar som skal ut i verda på skule, studier eller jobb. 19-åringen Arin Eiriksønn kom inn på slutten i det som blir hans siste kamp for Suldal i denne omgang. Nå er det militæret som står for tur. Arin har spelt dei siste tre åra for a-laget og har plukka med seg 22 kampar og to mål. Spesielt dei to første sesongane fekk han vist kva som bur i dei kvikke beina, mens han i år har vore noko skadeplaga. Før han tok steget opp på a-laget som 16-åring, spelte han sjølvsagt for Suldalsgutane i fire sesongar. Takk for innsatsen, lukke til vidare, og velkommen igjen!

Nå blir det sommmarferie, neste kamp er ein svært tøff bortekamp mot tabell-leiar Madla 3. Dei siste fem kampane har dei skåra heile 44 mål! Dei to siste har enda 10-0 mot Viking 3 og 17-4 mot Sunde 2! Det blir ei utfordring, men tenk så kjekt å bita godt frå seg her. God sommar!

PS: Det er folk som samlar på banar. I dag hadde me besøk av banehoppar Ole Nausdal. Han og (tilfeldigvis ein tidlegare kollega av underteikna som ikkje ønskjer namnet sitt på trykk) tok turen til Prestavikjo frå Stavanger for å kunna kryssa av banen med kanskje den flottaste plasseringa i Rogaland. Kjekk måte og sjå nye plasser på!

Fakta:

Mål:

60 min: 1-0: Tore Bendiksen Søraas, målgj. Ingve Berge.

62 min: 1-1: Fiskå (straffe)

70 min: 1-2: Fiskå

Gule kort:

Ingve Berge, Isak Berge Espe, to til Fiskå.

Lag:

Jonas Thorgersen Laukvik – Tom van Ruiven, Ingve Berge, Torjus Steine – Atle Mehus, Rene Adjemi, Øystein Nærheim, Håvard Fatnes, Jone Utbjoa – Mohammed Ibrahim Dawud, Tore Bendiksen Søraas.

Innbyttarar: Marius Sigstad, Isak Berge Espe, Arin Eirikssønn, Daniel Berge Espe