Blinkfestivalen byr på både skiglede, kriblande spenning, gode resultat og kameratsleg konkurranse. Gjengen frå Suldal viste, som alltid, godt igjen i rulleskiløypene.
Blinkfestivalen vart arrangert for 18 gong i år, og er ein populær skifest både for deltakarar, støtteapparat og publikum. I år leverte 13 suldølar gode løp i dei spanande konkurransane, der det var imponerande mange påmelde totalt. I løpet av festival-helga kan ein få prøve seg på motbakkeløp i Lysebotn, klassisk renn for den eldste gruppa i Ålgård eller fellesstart og sprint-løp midt i Sandnes Sentrum.
– Innsats, sportsglede, samhald og det sosiale var upåklageleg heile helga. Det var også veldig stas at me hadde heiagjeng frå Suldal heilt frå Lysebotn til Sandnes, seier leiar i ski-gruppa til Suldal IL, Magnus Lunde Bakka om årets utgåve av Blinkenfestivalen.
Strålande motbakkeløp
Det heile starta med mjølkesyretesten i dei lange bakkane i Lysebotn. Det var fint vèr og god stemining då 560 løparar kryssa målstreken på Øygardstøl som er enden på Lysbotn-løypa, fem av desse løparane var frå Suldal. Amalie Lunde (J11) gjekk 1 km, og gjorde eit bra løp i motbakken, Agathe Lunde (J14) gjekk 2 km og viste musklar og god fart i ein stor jenteklasse. Simon Bakka (G14) leverte bra og sikra seg tredjeplass på same distansen. Daniel Bakka (G15 )haldt også god fart og leverte eit solid resultat. Thomas Bakka (M17) starta for første gang ved kaikanten i Lysebotn og gjekk 7,5 km til topps, han var godt nøgd med eigen prestasjon og resultat.

Klassisk på Ålgård
Torsdag kveld var det duka for klassisk rulleskirenn på Ålgård, her er det dei som konkurrerer i jenter og gutar 15 år eller eldre som får lov til å prøve seg. Mathea Vik (K17) sikra seg ein flott fjerdeplass i det 12,5 kilometer lange løpet, Thomas Bakka som går i same årsklasse seier sjølv at kroppen ikkje fungerte heilt denne dagen, og at han difor hamna lenger nede på resultatlista enn han hadde håpa på. I årsklassen 15/16 gjekk både Vilde Tjøstheim og Daniel Bakka gode løp i hard konkurranse. I klassen mosjon menn leverte Lars Lunde eit godt løp og sikra seg ein 8.plass. Simon Bjørheim sto også på start i klassen menn elite, etter ein god start på løpet så valde han å bryte etter tre rundar og heller sjå på det som ei god treningsøkt. Som alltid byr Blinkfestivalen på meir enn berre konkurransar og premieutdeling, også på Ålgård er skifestivalen ein folkefest med underhaldning frå Superbussen og gratiskonsert med deLillos for å nemne noko. På Sandnes seinare i helga vart det gratiskonsert med både Kurt Nilsen og Postgirobygget.



Skifest på Sandnes
Både fredag og laurdag er det rulleskiløypene i Sandnes sentrum som gjeld, her er det både konkurransar for aldersbestemte klassar, junior og senior. Dermed kan ein i tillegg til å prøve seg sjølv også få sjå kjendisane i aksjon, både i langrenn og skiskyting. Grytidleg fredag morgon starta dagen med sprint-prolog for aldersbestemte klassar og junior. Prologane la grunnlaget for kor ein blei plassert i feltet til fellesstarten seinare på dagen, samt at dei 12 beste i prologen gjekk vidare til sprint-finalen tidleg laurdag morgon. Amalie Lunde (J11) gjekk veldig godt og sikra seg finaleplass på laurdagen, ho leverte gode løp begge dagane. Svein Aksel Tjøstheim (G12) fekk også god fart på rulleskia og sikra seg også god plassering i fellesstarten og finaleplass på laurdagen. I klassen for J 13 og J14 var det mange deltakarar og sterk konkurranse, her leverte både Agathe Lunde, Hanna Lunde Hoftun og Serina Litlehamar Kjetilstad gode løp, Agathe sikra seg i tillegg finaleplass på laurdagen.



Dobbel vinnar
Simon Bakka (G14) imponerte stort og tok sigeren både i sprint-finalen på laurdagen og fellesstarten på fredagen, dermed sikra han seg pallplass i alle tre renna han deltok i. Daniel Bakka (G15) og Vilde Tjøstheim (J15) leverte også solide løp i dei raske løypene. Thomas Bakka (M17) gjekk gode løp, og sikra seg ein solid 7.plass i fellesstarten. Mathea Vik i same aldersklasse gjekk så bra at ho vart nummer 3 på fellesstarten og sikra seg ein 6-plass i sprint-finalen. Cecilia Vik var den einaste suldølen som gjekk fellestarten for dei yngste på laurdagen. Ho imponerte med eit solid løp, i tillegg fekk ho æra av å gå saman med ein kjendis i løypene. Stemninga sto nemleg i taket då Johannes Høsflot Klæbo heiv seg med i løypa saman med dei yngste deltakarane og slo av ein prat utanom løypa.
– Veldig kjekt å få autograf og bilete saman med Klæbo, var kommentaren frå dei unge suldølane som sikra seg kjendis-møtet.


