Hope Stars og Suldalsgutane G15

Onsdag 9. august tjuvstarta haustsesongen i Prestavikjo med vennskapskamp mellom to lag med svært ulik bakgrunn. Felles for begge lag er at dei likar å spela fotball!

Tidleg i sommar fekk me førespurnad frå utflytta, men stadig tilbakevendande, sandbu Anita Svendheim om me hadde eit fotball-lag i alderen 14-17 år som kunne vera interessert i ein fotballkamp. Det hadde me jo, så ein avtale blei sett. Laget som kom på besøk var Hope Stars.

Anita reiste i sin ungdom ut i verda og såg ting som både var kjekt, og ting som ikkje var kjekt. Å møta foreldre- og heimlause barn i Zimbabwe gjorde så stort inntrykk på henne, at ho måtte finna ein måte å hjelpa dei på. Saman med nokre andre ungdommar danna dei organisasjonen Midland Children’s Hope Project, også kalla Hopeproject.no. Ved å klikka seg inn på denne sida kan ein lesa mykje om organisasjonen, korleis dei jobbar og korleis ein kan vera med og hjelpa. Her kan ein til dømes velja å bli fast givar. «Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt.»

Fast givar er etter kvart ungdomsskulen på Sand skule blitt. Gjennom mange år har elevane på skulen jobba ein skuledag på ulike arbeidsplasser eller heime, og gitt betalinga til denne organisasjonen slik at dei har kunna bora brønn etter drikevatn, fått opp bygningar av ulike slag, og kunna gjort innkjøp som hjelper barna som er knytt til prosjektet. Kvart år har Sand skule fått bilder og informasjon om kva elevane har bidratt til, og Anita kjem og fortel. Dei fleste av dei som spelte på Suldal sitt lag har sjølv gått på skulen på Sand, og dermed hjulpe spelarane på Hope Stars som dei denne kvelden spelte mot.

Det blei nokre skader. Her hjelper trenaren til Suldalsgutane, Anders Warhaug, til med ispose. Foto: Anita Svendheim.

Logoen til organisasjonen.

Me forstår også at det er svært mange andre personar, bedrifter og organisasjonar i Suldal og Noreg som har hjulpe til både med pengar, gåver, materiell og tenestar, slik at ungdommane som aldri hadde vore utanfor landsbyen eller spelt med fotballsko fekk oppleva ein tur til Noreg, Norway Cup, Hemsedal, Oslo, Sauda og Suldal.

Då det blei klart at Suldalsgutane skulle møta Hope Stars, var det fram med søkemotoren og finna ut korleis dei gjorde det på Norway Cup. G15-laget vårt hadde jo vore på Sør-Cup og gjort det godt der, så spenninga var kor gode gutane frå Zimbabwe var. Det viste seg at dei spelte seg opp, blei vane med fotballsko, vått gras og kunstgras, og fekk til gode resultat. Dei tapte, spelte uavgjort og vann i gruppespelet. I første utslagsrunde slo dei Molde, før det blei tap i kvartfinalen. For å sikra nokolunde jamn kamp og nok spelarar mens det framleis var ferie, allierte me oss med fire av dei yngste a-lagsspelarane for å suplera G15.

Økonomigruppa ordna sjølvsagt med kiosk for å visa fram Prestavikjo-stemninga, og kiosken gjekk varm! Noko som var godt på ein kald kveld. Ekstra kjekt å ha lappane tilbake på menyen ved dette høvet!

På banen tok Suldal tak i kampen frå start, gjekk raskt i leiinga, og hadde rett etterpå ein annulering. Hope Stars verka ikkje heilt klar, men så kom dei for fullt. Dei fann kvarandre godt med pasningsspelet, og brukte fart til å angripa bakrommet til Suldalsgutane. Dermed fekk dei tre raske mål og leia 3-1 til pause. Dei fekk verkeleg vist at dei hadde spelt mykje fotball, og at dei hadde ein god plan i spelet sitt.

Andre omgang starta som den første, med overtak frå heimelaget. Då Suldal reduserte, såg det ut som at gnisten gjekk litt ut av gjestene. Det skulle visa seg å ikkje stemma! Dei kom i gong med spelet sitt igjen, og putta eit par mål til. Suldal fekk sitt tredje, og kampen enda med bortesiger.

Resultatet betydde sjølvsagt ingenting i denne kampen, det viktige var at alle spelarane fekk ein kjekk fotballkamp og ei god oppleving. Hope Stars såg ut til å kosa seg, og suldasspelarane kunne seia seg imponerte over nivået. «Det var godt me fekk låna a-lagsspelarar», blei det sagt frå nokre av dei faste G15-spelarane. Og a-lagsspelarane var både sveitte og hadde krampetendenser mot slutten.

Etter kampen kom IL Sand med premiar til alle spelarane, og Hope Stars viste det talrike publikumet sin vidgjetne dans som dei gjer før/etter kvar kamp. Dei fekk til og med dratt med seg nokre av suldalsspelarane! Dette motiverte publikum såpass at det blei ein ny dans der alle som ville fekk prøva seg på dansen på kunstgrasmatta.

Takk til Anita Svendheim og hennar lag med folk som har hjulpe til med å få Hope Start til Suldal, takk til Suldalsgutane G15 med innleigde spelarar, trenarar, dommar, kiosk, IL Sand og publikum for ei kjekk oppleving!

PS: Hope Stars blei lagt merke til i hovudstaden. Aftenposten Junior hadde ei dobbeltside i siste nummer, og NRK laga eit innslag Me reknar også med det blir fyldig dekning i Suldalsposten om opphaldet deira i Suldal.

Sjekk heimesida til Midland Children’s Hope Project: https://www.hopeproject.no/

Innslag i NRK: Fra Zimbabwe til Hallingdal

Aftenposten Junior 9/8-23:

Frå Aftenposten Junior 9/8-23