Det blir sprøyta med plantevernmiddel rundt kunstgrasbanen i Prestavikjo fredag ettermiddag eller laurdag føremiddag. Området blir derfor stengt i helga. Det er ikkje fare for liv og helse, men for å vera godt innanfor retningslinjer så stenger me området i helga.

For dei laga som har starta opp trening, vil det vera trening som vanleg frå måndag.

Bingen er sjølvsagt open slik at ein kan få spelt fotball der.

Sprøytinga blir gjort for å klargjera massane til grunnarbeid på Prosjekt Prestavikjo.