Etter at kampen mot Sunde 2 vart utsatt, var det Paradis som skulle bli vår andre kamp for haustsesongen. Paradis er eit lag me har møtt fleire gonger opp gjennom åra. For få år sidan var det nettopp Paradis som nekta oss opprykk til 5 divisjon, då dei slo oss med eit poeng i siste kamp. Nå er dei nede i 6 divisjon igjen og har hatt ein sesong med vekslende resultat. Sist me møttes vant Suldal 2-1 i Prestavikjo.
Til denne kampen hadde me nok ein gong fleire forfall og det vart utfordrande å stille til kamp. Likevel fekk me stabla på beina eit slagferdig mannskap med i alt tretten karar på dommerkortet.
Dagens start 11 vart då: Jonas, Tom, Sindre, Knut, Espen, Marius, Ingve, Rene, Jone, Daniel og Mohammed
Benken: Dawud og Ørjan. Tor Olav stod også der i tilfelle det skulle bli heilt krise. Heldigvis unngjekk me dette.
Kampen starta med at begge laga snuste litt på kvarandre og ballen skifta frå lag til lag relativt kjapt. Det var ingen flott kamp, men ein typisk 6 divisjonskamp med mykje kjemping og varierende kvalitet på ballspelet. Mykje kjemping og nokre lause skot mot mål prega den første halvtimen. Etter dette vakna Suldal og byrja å produsere fleire gode målsjanser. Ballen gjekk fortare, me vant andreballen og Paradis hang ikkje heilt med. Den første muligheten var det Dawud som skulle få. Han kom inn nokre minutt då Daniel måtte teipe ei tå.
29 min: Dawud får ballen servert på eit fruktfat (med henvisning til daglegvarebransjen) av ein grønkledd frå Paradis. Guten som til vanleg er eit stort smil i kassen på Coop Xtra får tuppa ballen mot mål. Dagens beste spelar for Paradis er god og heldig som redder skotet. Det er lov å ha ein god målmann.
Denne sjansen skulle bli den første av fleire gode muligheter Suldal skulle få i denne perioden, som også skulle inneholde sesongens mål så langt.
31 min: FOR ET MÅL AV SULDALS BECKHAM!!!Jone avslutter frå 25 meter…ballen fyker så langt oppi krysset som det e mulig å få det..det e så rått!!! 0-1💪💪
38 min: Jone gjer ikkje nummeret på ryggen til skamme (nr 7) når han vrir ballen nede ved stolpen til Paradis på et frispark. Ein god heimekeeper er likevel patent og slår ballen til hjørnespark
41 min: Mohammed smeller ballen i stolpen! Nydelig pasning frå Daniel. Hurtigtoget frå Sand knuse backen i løpsduell og smelle til..kula fyk i stolpen med et smell.Nære der!
Etter denne perioden frå Suldal ebba omgangen ut med ei leiing til bortelaget etter ei flott scoring av Jone
Andre omgang starta slik den første starta. Mykje kjemping og lite finspel. Paradis hadde litt meir ball og skulle etterkvart skape ein god sjanse. Denne muligheten fekk ikkje referenten med seg då naturen kalla og toalettet var ein kjærkommen venn. Likevel seier rapportane at Jonas redda eit skot som han slo i tverrliggeren. Vår bakerste mann hadde god kontroll på det meste som kom. Suldal skulle og få eit mål annulert i ein situasjon der ingen forstod kva dommaren heldt på med.
58 min: Suldal får annulert mål etter at Jone set ballen i mål. Dommer ser et angrep på keeper. Dommer har ei litt vinglete list, men dette får me i denne divisjonen.
I denne perioden skulle det bli fleire litt merkelege avgjørelser av kampleder då han unngjekk å gi fleire frispark til Suldal og korta låg godt planta i brystlomma. Den groveste var likevel då Muhammed blir felt som bakerste mann
62 min: Dommer følger opp med å gi Paradis gult kort i det bakerste mann tar Mohammed på vei gjennom. Svakt dømt. Frisparket blir det ingenting av.
Ut over i omgangen vart der mange slitne suldalsføter og fleire måtte ha hjelp til å strekke ut krampe tendenser i leggene. Foruten Espen, som virkelig fekk krampetrollet i føtene, fullførte samtlige kampen. Slitne føtter gjorde at Paradis fekk meir og meir ball og produserte gode sjanser. Likevel var det på ein dødball me skulle sleppe inn mål nok ein gong.
85 min: Paradis får et frispark frå hjørnet av 16 meter..i etterkant av frisparket får Paradis to meget gode sjanser. Den siste blir avverga av ein meget god blokk av Mohammed. Corner.
87 min: Paradis utligne på den påfølgende corneren. Igjen e me veldig lette på dødball..1-1
Etter dette var det ein kamp mot klokka for slitne suldøler, men det haldt inn og mentok med oss eitt poeng i bagasjen heim igjen. Ein kamp prega av to lag som slit litt med forfall. Dette fører til lite finspel, men mykje kjemping. Takk til alle som stilte opp for Suldal slik at me fekk spele kamp. Ein vanvittig innsats av samtlige tolv som spelte fotball i gult denne kvelden.
Ny kamp i Prestavikjo laurdag 9 september kl 13.00 mot Hundvåg 2
Mål: Jone
Gule kort: ingen