Nok ein gong viste Røldal og sola seg frå si beste side då 15 lag tok turen frå Suldalsosen og opp til nabobygda på cup.
Det er tredje gong me mobiliserer for å delta på cupen som gir spelarane våre høve til å spela saman i reine årskull og på reine jente- og gutelag. Det er jo slik dei spelar i byane, men for oss i Suldal så er det ikkje så ofte me får sjansen til dette.
Spesielt kjekt er det nok for dei aller yngste. Denne cupen kjem berre to veker etter at 6-åringane har starta i 1. klasse. Med to treningar i bagasjen på førehand, er dei svært klare for cup. Dette må jo vera ein flott arena for å bygga klassemiljø i starten av skuletida. 11 av førsteklassingane var i aksjon i 3ar-bingen, og dei fekk spelt mange kampar og skåra mykje mål.
Dei andre laga våre møtte også akkurat passe motstand. Laga både vann, spelte uavgjort og tapte, men uansett resultat blei det jamne kampar der resultatet fort kunne gått begge vegar. Spenninga var nok minst like stor på sidelinja hos foreldre, besteforeldre og lagleiarar som det var for dei på banen. Strålande innsats av lagleiarane våre som hadde full kontroll på alle kampane som skulle spelast, det er eit godt lag av vaksne rundt alle spelarane og laga.
Laga våre møtte motstand frå Røldal IL, IL Sand (kjekt at stadig fleire lag frå Sand tek turen!), Odda FK, Rosendal TL, Skare IL, Solnut IL og Sauda IL. Det er kjekt å få møta andre motstandarar enn me vanlegvis pleier.
Takk til Røldal IL for eit effektivt og kompakt arrangement!
Bla i bilda for lagbildegalleri.