Strålande vêr, sauasamling, reinsdyrjakt, Dyrsku i Seljord og Suldalscup på Sand. Godt gjort at ein både greier å stilla fotballag, kiosk og litt tilskodarar til a-lagskamp på ein slik dag.
Referenten var ikkje til stades, så det blir ikkje lange referatet. Hundvåg 2 var laget som traff mål i første omgang, og det såg lenge ut til at gjestene skulle stikka av med alle poenga. Rapportar frå tribunen seier at heimelaget var noko tungstarta i dag.
I andre omgang gjekk det likare, men mål fekk ikkje nokon i dei første 45 minutta. Så, på overtid fann Suldal ut at det er kjekkast å ta med seg alle tre poenga. Håvard Fatnes slo eit flott hjørnespark. Bak i feltet låg Jone Utbjoa og vaka. Han veit kor målet stod, og stanga inn utlikninga.
Det avgjerande målet var det Isak Berekvam Steine som fekk æra av å få i mål, etter noko klabb og babb i feltet.
Supert å ta ein siger på den måten. Sikkert surt for gjestene frå byøya, men såg buss-taxien stod klar, så dei har nok rista det av seg før ferjo.
Med dagens siger klatra Suldal opp på 3. plass på tabellen med 20 poeng på 11 kampar. Det er langt opp til dei to laga som kjempar om tabelltopp. Madla 3 har vunne alle sine kampar, og har 36 poeng på 12 spelte, mens Fiskå har 36 poeng på 13 kampar. Her blir det spennande kven som stikk av med puljesigeren. Suldal har to poeng forsprang til Midtbygdens 2 som kjem rett bak oss.
På fredag er det bortekamp mot Viking 3, mens neste heimekamp er mot nemnde, og sterke, Madla 3 laurdag 30. september.
Fakta:
Gult kort: Håvard Fatnes.
Mål:
0-1: Første omgang: Hundvåg 2
92 min: 1-1: Jone Utbjoa – målgivande Håvard Fatnes
94 min: 2-1: Isak Berekvam Steine
Lag:
Jonas Thorgersen Laukvik – Torjus Steine, Sindre Vik, Knut Nærheim – Mohammed Ibrahim Dawus, Marius Sigstad, Ingve Berge, Håvard Fatnes, Jone Utbjoa, Rene Adjemi – Tore Bendiksen Søraas, Øystein Nærheim.
Innbyttar: Isak Berekvam Steine