
IL Sand arrangerte i dag eit strålande arrangement på ein strålande dag. Ein kunne ikkje vore meir heldig med tilhøva.
Suldal IL stilte med følgande lag: Tre stk miniknott, tre stk knott, fire stk lilleputt og to stk ungdomsskule. Det gjorde at det blei mykje gult og svart på Eide, men også grøne erfjordbuar og raudkledde sandbuar var det mange av. Dessverre blir det færre av dei andre klubbfargane og sjå, spesielt i lilleputt og ungdomsskule. Nokre av grendene har for få til å laga lag, slik at Jelsa og Haugil slår seg saman med Erfjord, og Nesflaten med Suldal. Litt trist, og det store spørsmålet er jo korleis ein framleis skal ha nok folk i grendene til at ein kan laga fotball-lag. Underteikna skimta heldigvis kvitfargen til Jelsa og blåfargen til Haugil i dei yngre klassane.
Dei yngste spelarane jobba godt og fekk til både spel og skåringar. Her tel ikkje resultata. Når ein tek til å telja poeng og laga tabell i lilleputt og ungdomsskule, viser det seg for tida at Erfjord er så godt som uslåelege, og Sand kjem inn på ein god andreplass. Suldal er altså for tida ikkje best, men me er flest. Det er og ein siger. Årgangane går i bølgedalar, det vil nok igjen komma ei tid der det er Suldal som får løfta dei største pokalane.
Takk for cupen, og innsatsen til spelarar og lagleiarar!










