Helge i Steine Transport AS i aksjon i Prestavikjo.

Det er mykje som skal på plass når Prosjekt Prestavikjo skal realiserast. Då er det godt å ha ein lokal transportør med på laget som både kan køyra og heisa.

Steine Transport AS held til på Steine, Suldalsosen, og er ei familie- og generasjonsbedrift. Firma blei starta av Tor Steine. Det er nok derfor bilane har logoen «T. Steine Suldal». Sonen Torleif tok over, før barnebarnet Helge nå driv selskapet saman med kona Heidi. Helge og Heidi både bur og jobbar ut frå «Stasjonen på Steine». Folk under 40 år hugsar vel knapt at det var bensinstasjon der dei nå bur og har verkstad, men i tillegg til transport kunne ein altså kjøpa både bensin og kioskvarer her for ein generasjon sidan.

Helge er den som har vore i sving i Prestavikjo den siste veka, og han er framifrå på service, og køyrer lastebil stødig, effektivt og med eit stort smil. Ein av spesialitetane er at han har heisekran på bilen sin, noko som er til stor hjelp når me skal ha betongbyggeklossar som fundament og sikring til tribunen. Det har også blitt nokre turar til Norsk Stein på Berekvam for å henta grus.

I første del av prosjektet som blir realisert i haust, er det relativt sett ikkje så store mengder massar som skal på plass, slik at entrepenørane BG Suldal og Ola Fisketjøn saman med Steine Transport når over det. Alle køyrer til sterkt reduserte prisar for å støtta prosjektet. Det set me sjølvsagt stor pris på, og bidraget hjelper godt på for å få mest mogleg aktivitet ut av pengane me rår over.

Me takkar for hjelp og støtte!