Ny kamp, nye muligheter for Suldal sine beste gutter og menn. Denne gongen var det borte mot Viking 3 på Vestbanen like ved gamle Stavanger stadion på Eiganes.

Området rundt banen er sagnomsust og ein skulle også få bevitne ei vikinglegende med nummer 19 på ryggen hjå Viking 3. Andre Danielsen kan skilte med 487 kampar for Viking og 2 landskamper for Norge. Legenden stilte som spiss mot et litt nykomponert suldalsforsvar, som skulle vise seg å stå godt i mot det som kom. Me har stort sett stilt med Ingve, Torjus og Tom i forsvar, men med jobb og suspensjon var det kun Tom igjen frå trearen som starta mot Hundvåg 2 helga før. Inn kom Isak B Espe og Johannes og gjorde ein strålande kamp i trespann med ein meget god Tom. Heilt bakerst stod Dawud ein meget bra kamp i fråværet av Jonas.
Nevnte Danielsen blei stort sett tatt ut av kampen og skapte lite.

I Suldal har me store utfordringer med å starte med samme lag frå kamp til kamp. Dette kan skyldes jobb, familie, prioriteringer og skader, men me klarer med få unntak alltid å stille lag. Det samme kunne ein ikkje seie om Viking 3, som ikkje klarte å stille lag i Suldal. Til denne kampen hadde dei så mange spelerar tilgjengelig at dei ikkje hadde nok godkjente drakter til alle. Dei hadde til og med nokre med samme nummer. Over grensa til lovleg, men når resultatet vart som det vart, gir me litt blaffen.

Referenten hadde ikkje gjort jobben i forkant og var sikker på at Vestbanen låg i Jåttåvågen, men dette viste seg å ikkje stemma heilt. Det førte til at oppdateringen på Facebook ikkje byrja før kampen var seksten minutt gammal. Kanskje det var lykke, men Suldal hadde starta godt med to mål mot bortelaget sin smultring. Måla kom frå Øystein på frispark og ein chip frå Jone. Sitat Jone: » såg du chippen min? An va frå sikkert 20 meter!». Me får velge å tru at dette var nok eit flott mål frå suldals nummer 7.
Etter måla festa Viking 3 grepet om kampen og Suldal sleit med å komme seg over midtbanen. Trøkket som heimelaget produserte gjorde at dei fekk eit par gode muligheter som forsvaret og ein opplagt Dawud tok seg av. Dagens dommer hjalp heller ikkje Suldal i denne perioden då han lot dei mørkeblå komme gjennom sjøl om dei var i soleklar offside. Likevel, me stod i mot og klarte å produsere eit par gode sjansar.

32 min: Gigasjanse til Suldal. Øystein sender Isak Berakvam aleina med keeper. Ein god beinparade hindre 3-0

44 min: Stor sjanse til Daniel på dødball..heade like utenfor

Ein litt heseblesende omgang der dommer presterte å legge til åtte minutt ebba ut med ei fin leiing til Suldal. Før pause hadde både Isak B Espe og Dawud klaga litt på småskader. Likevel fullførte dei kampen med bravur.

Andre omgang starta på verst mulig måte då Viking 3 reduserer.

48 min: Viking 3 reduserer til 2-1..flott innlegg og heading. Utagbart for Dawud

Viking 3 pressa på for utligning og hadde litt grepet i denne perioden, men i fotball kan ofte mål komme litt mot spelets gang.

52 min: Daaaaaaniel auke til 3-1..klabb og babb i feltet til Viking. Daniel har snusen for mål og er sistemann på ballen før an trille i mål!

Me fekk eit lite pusterom igjen og dette målet skulle vise seg å være kampavgjørende. Ein god Daniel fortjente dette målet etter ein kamp der han og spisskamerat Isak Berakvam hadde jobba godt på topp. Lysluggen frå Nesflaten skulle få ein god mulighet.

58 min: Stor sjanse til Isak Berakvam..godt skudd, men ballen fyke like over

Viking 3 virka litt overraska over målet og påfølgende sjanse av våre spisser og når han eine midtbanespelaren skyt litt umotivert mot mål frå førti meter skulle ein tru at det var eit signal om at dei gav litt opp. Det lause skotet skulle likevel bli farleg då ein uheldig Dawud misstolka ein liten sprett. Ballen trilla i mål og ny tenning i kampen.

65 min: Viking 3 reduserer etter ein uheldig involvering av ein ellers strålande Dawud..2-3. Ny nerve i kampen.

Nå sette nervøsiteten seg i nervene til samtlige med hjertet i Suldal. I alle fall hjå oss som stod på sidelinja. Dei elleve på banen jobba iherdig og godt slik at Viking 3 sleit med å skape det heilt store. Likevel visste me kven dei mørkeblå hadde på topp og at han kunne lage mål av kun småsjansar. Spelet bølga litt fram og tilbake og kampen vart litt rotete slik den ofte blir når det eine laget prøver å bygge opp noko og det andre laget prøver å øydelegge byggverket. Heltane i gult og svart jobba som løver og det var me som skulle få kampens siste store sjanse.

89 min: Daniel slår ballen gjennom til Øystein. An va raskare før, lysluggen og blir oppsprungen..kunne blitt nåke der, men nei.

Etter dette skjedde det lite og dommaren meinte at to minutt med overtid var nok i denne omgangen. Ein nydelig borteseier i regnværet var eit faktum og me befesta tredjeplass på tabellen med fem poeng ned til MIL 2.

Ein strålande god kamp av samtlige i ein kamp der det vart kjempa godt om kvar ein ball. Desse seierane er ekstra deilige og vondtane me har vert litt mindre vonde etter ein god kamp.

Neste kamp er heime mot divisjonens beste lag, Madla 3 i Prestavikjo laurdag 30 september klokka 13.00

Laget: Dawud, Johannes, Isak B E, Tom, Jone, Rene, Øystein, Mohammed, Håvard, Isak B og Daniel

Tusen takk til Jørgen og Knut som stilte opp. Dessverre ikkje speletid, men me håpe at dykk er tilgjengelig ved ein seinare anledning.

Ørjan var også tilgjengelig som supersub

Mål: Jone, Øystein, Daniel
Gule kort: Isak B Espe og Jone