Bortekampane kjem tett som hagl og denne helga står der to kamper for tur. Først borte mot MIL 2 torsdagen før me skal måle krefter mot Sunde 2 søndagen.
I pulja vår denne sesongen er me fire lag frå Ryfylke og me er ganske godt samla på tabellen. I skrivande stund ligg Fiskå på andre plass, MIL 2 på tredje, Suldal på fjerde og Hjelmeland på femte plass. Det var altså stolthet å spele for i denne kampen der våre helter skulle i kamp mot MIL 2.
Til kampen hadde ein skadeskutt Tore meldt seg klar i tillegg til at Atle hadde tatt turen frå sitt kjære Sauda for å spele kamp. Mangel på rutine skulle det ikkje var. På MIL 2 var det og fleire kjende navn som har veksla mellom Staal og MIL. Den tidligere eminente Knut Foldøy var og å sjå i den fargerike, lilla heimedrakten.

Me gjekk ut i vår vandte 3-5-2 formasjon med Dawud i mål, Torjus, Tom og Ingve i forsvar. Håvard og Atle på vingbacker med Tore, Jone og Rene sentralt. På topp Isak Steine med Øystein bak seg som ein offensiv midbanemann.
Sterk benk med Mohammed, Daniel, Sindre, Marius og Arin

Kampen var kun ti minutt då MIL do sin gode høyrekant kom rundt på vår venstreside.

10 min: Mil 2 i sine lillaaktige drakter angripe til venstre. Det ser litt for enkelt ut, men samma kan det var. På bakerste står der ein frå heimelaget som tuppe ballen i mål. 1-0

Fire minutt seinere gjentar historien seg på samme side og samme mann

14 min: MIL 2 auke. Varm MIL 2 kniv glir lett gjennom suldalssmør. 2-0

I kampens tjuende minutt trudde alle med hjerte i Suldal at reduseringen va et faktum. Her var dagens gode dommer uenig med oss, sjøl om den avgjørelsen er veldig feil

20 min: Suldal har ballen i nettet, men kampens dommer bestemme seg for at det er ein gul ein i offside. Hverken meg eller representanter frå Fiskå forstår noko av denne situasjonen. Fortsatt 2-0

I det trettifemte minutt skal likevel dommer gjer jobben sin då han dømme straffe til Suldal. Soleklar hands av heimelaget. Jone gjer seg klar.

35 min: Straffe til Suldal etter hands av ein forsvarer. Soleklar straffe som Jone sette sikkert i mål 2-1

Skulle Suldal få ein drive i kampen og kjempe til seg ei utligning nå i ein god periode. Svaret er nei, for MIL 2 har ein god venstrekant, du huske vel han?

37 min: Det er digg å var venstrekant i MIL 2. 3-1 etter ei fin vending av spel der Suldal ikkje følge med.

Den gode venstrekanten sin innsats til tross, forsvaret deiras vakla litt meir. I kampens trettiniende minutt får Suldal straffe nummer to då Isak B Steine blir sparka ned

39 min: Ny straffe til Suldal etter overfall av vår unge spiss Isak Berakvam. Denne gong er Jone litt meir uheldig og smelle ballen i tverrå.. Fortsatt 3-1

Etter dette hadde både me og MIL kvar vår gigantsjanse før pausesignaler. Øystein aleine gjennom der ein god målmann hindre redusering. MIL 2 får til eit godt skot på sin sjanse, men strålande forsvarsspel hindra ei auka leiing. Ei omgang der spesielt venstresiden til MIL har vore god er over og laga går til pause og 3-1 på resultattavla

Andre omgang var to minutt gammal då Jone har ein god sjanse.

47 min: Aiaiai Jone..ballen triller forbi alt og alle i heimelagets sekstenmeter. Jone er på bakerste, men e litt for tung i rævå å når ikkje fram. Nær redusering

Etter dette var det litt stillingskrig med eit gult kort til kvart av laga og lite finspel. Likevel skulle Suldal få ein god sjanse.

56 min: Tore bomme på alle sjansers bestemor. Blåse ballen over på nært åpent mål..denne ryggsekken va tung, Søraas

Suldal var i ein god periode nå og hadde litt grepet om kampen. Me var meir tunge i duellene og fekk til litt av vårt spel. Dette skulle resultere i nokre flotte sjanser. Men etter den søte kløe kommer den sure svie.

68 min: Tre sjanser på rad. Ein der Tore nesten sette i mål med skallen. Ein der skuddet til Øystein blir blokka av forsvaret og ein blir redda mesterlig av keeper.

70 min: Der Suldal brenne sjanse på sjanse viser MIL 2 korleis det ska gjerast. På ein visitt i suldalboksen auke de ledelsen. 4-1. Kjedelig i ein god suldalsperiode

Etter dette så såg det ut som at Suldal hadde gitt litt opp og som underteikna skreiv i LIVE oppdateringen «Lite så skjer. Ser ut som den berømte lufta har gått ut av suldalsballongen». Her skulle alle ord gjeres til skamme då guttane hadde ei redusering i seg.

81 min: Usikker på kven, men eg lure litt på om det var Daniel som blåste litt luft i ballongen. Et skudd frå ein i gult og svart går via målmann og sprette inn. Daniel er inni der og om han er i ballen er målet hans. 4-2

Det gjekk mot tap for oss på Tau, men få minutt før slutt er det andre ting enn tre tapte poeng som er i fokus. Tom lander forkjært og må ut.

83 min: Stopp i spelet når Tom har fått seg ein smell. Han må ut og Sindre komme inn. Satse på Tom e fit for fight igjen på søndag (han vart ikkje klar, men me håper skaden ikkje er alvorlig)

Ei siste krampetrekning fekk me på overtid då Jone fyrer utanfor sekstenmeteren

91 min: Jone fyre av. Eg trur an va i stolpen, nokon frå Tau seie an va inne. Dommer seie stolpe ( som nok var heilt rett) Fortsatt 4-2..

Kampen ebba ut med 4-2 og heimesiger. Skuffande at det er så lett å score på oss, men det er likevel ting å ta med seg til kamp førstkommende søndag mot Sunde 2 kl 15.00