Kamp nummer to denne langhelga og nok ein tur sørover i fylket. Denne gong skulle me møte laget som ligg heilt nederst på tabellen, Sunde 2
Denne kampen skulle egentlig vore spelt tidlegare i haust, men me måtte få den utsatt då me hadde store problemer med å stille lag til kampen. Me prøvde verkeleg å mobilisere, men for første gong på mange år måtte me ringe Sunde 2. Heldigvis var dei greie med oss og utsatte kampen til denne flotte søndagen i starten på oktober.
Frå kampen mot MIL 2 hadde me nokre forfall då hverken Tore, Isak B Steine, Atle eller Tom kunne stille på grunn av skader eller andre prioriteringer. Likevel hadde me eit på papiret ganske så bra lag. Det er likevel slik at alle kampar er vanskelege når ikkje alle er med å dreg i samme retning og at kamp blir prioritert sjøl om det er ein søndag.
Laget var: Dawud, Ingve, Torjus, Sindre, Mohammed, Håvard, Jone, Rene, Marius, Daniel, Øystein
Benken var Ørjan og Knut N godt representert
Sunde 2 har hatt ein vanskeleg sesong og vart sendt heim frå Prestavikjo med 9-1 tap. Det kunne verke slik på suldølen at dette var tenkt ein lett kamp og ei viss undervurdering var nok til stades. Dette viser seg ofte å være feil inngang til kamp, noko det også var denne gongen.
Sunde 2 er ein gjeng med relativt små, men kjappe spelerar. For ein gjeng frå Suldal som såg ut til å springe i sirup vart det ei verkeleg utfordring. Suldal var nok eit hakk bedre spelemessig, men kampen var prega av litt slakk holdning og mykje personlege feil. Me hadde nokre gode sjansar, men det hadde Sunde 2 også. Det var greit med 0-0 til pause.
Daniel hadde tidleg bytta ut fordi han var uvel og Knut kom inn på stopperplass. Torjus vart flytta fram, Øystein ned på midtbanen. og Håvard ut på vingbacken. Det er egentlig det eineste som er å skrive om første omgang.
I andre omgang tok me litt meir tak i kampen og kom til nokre gode sjansar. Ein del utfordringer med konsentrasjon og litt uhell gjorde at det ikkje vart noke utav desse gode mulighetene. Med ein halvtime igjen av kampen vart det litt action
60 min: Sunde 2 redusert til 10 mann når Øystein blir felt på vei gjennom..målmann får rødt som bakerste mann. Klokkeklart
Frisparket vart det ingenting av, men Suldal verka å få litt inspirasjon etter det haustfarga kortet. Likevel hadde også heimelaget nokre små farligheter. Det var likevel Suldal som skulle få kampens første mål.
75 min: DER SITTE AN I NETTET Ein skikkelig drittkamp fortjener et skikkelig drittmål..klabb og babb der ballen sprette til Torjus..han hamre ballen inn frå ein meter..den sko inn!! 1-0
Ein skulle tru at dette ville gi oss den ekstra energien til å kjøre over Sunde 2 som tross alt spelte med ti mann, men heimelaget byrja å ta meir over. Suldal prøvde på ein noke svak måte å halde på leiinga, men mykje panikk og strekk i laget gjorde at heimelaget kom gjennom på nokre små farligheter. Dommer markerte tydeleg tre minutt tillegg når det var gått nitti minutt, men under fjerde tillegsminuttet er det like åpent som Suldalsporten i bortelaget. Heimelaget sin spiss får fritt leide og set ballen kontrollert bak Dawud. 1-1 og egentlig fullt fortjent. Dette vart også sluttresultatet.
Denne kampen viser at ingen kamper er lette og at ein må byrje å ta litt tak. Det er så kjipt å ofre familieliv og andre planer for å reise til Stavanger når ikkje alle er like gira på å yte sitt beste. Stjerne i boka til dei som prioriterer det som faktisk er det kjekkeste som fins, det å spele kamp. Me kan ikkje anna enn å lære av dette. Neste helg er det blanke ark, så få får kvar enkelt sjå kva farge dei vil teikne med. Eg håpar på glade fargar med energi og positivitet når me reiser til Hundvåg laurdag 14 oktober. Kampen startar kl 14.00