Det skulle ikkje stå på oppmøtet frå tilårskomne legender i ruskeværet på Hundvåg denne laurdagen i midten av oktober. Jon, Nils Arne og Tor Arne fekk alle var vitne til eit suldalslag med ei heilt anna innstilling enn helga før.
I garderoben la me taktikkprat og slikt til sides å heller fokuserte på holdning, guts og mentalitet til kamp. Det var ei tydeleg gira gruppe som alle var forberedt å gi alt og gjennomføre ein god kamp mot eit sterkt Hundvåg 2 lag.
Motstandar vår denne laurdagen ligg nest sist på tabellen, men til denne kampen hadde dei med seg spelerar frå A-laget i 4 div og tidlegare Obos- spelar. Dette kunne fort vore ein kamp me kunne tapt, men denne kampen vant me eine og aleine på guts og stå på vilje.
Laget me stilte var: Jonas, Ingve Sindre, Knut, Rene, Jone, Tore, Mohammed, Håvard, Øystein og Torjus. Marius kom tidlig inn for ein skada Knut.
Dawud og Daniel var ubenyttet reserver.
Kampen begynte på verst mulig måte når ein frå Hundvåg 2 blir felt inne i Suldal sin sekstenmeter. Straffen ser grei ut. Straffetager er sikker og heimelaget går opp i 1-0 etter tre minutt. Etter dette tok Suldal litt over spelet og får lønn for strevet når ein pigg Øystein fyre av eit skot etter nitten minutt. Ballen fyk i nettet bak heimelaget sin målvakt og i mål. 1-1.
Suldal har i denne perioden ein del gode sjanser og det er ikkje direkte ufortjent når suldølen går opp i ledelse. Håvard slår eit godt frispark inn i feltet. Der inne treff ballen eine midtstopperen til Hundvåg 2 på hovudet. Han er uheldig og ser ballen bak eigen målvakt. 1-2 og me er i føringen når kampen er spelt 31 minutt.
Før dette hadde Mohammed hatt eit godt skot som smalt i tverrliggeren.Kampen roa seg litt og dommeren bles for pause med ledelse til gjestene frå Osen.
Andre omgang starta med overtak til oss og me tar skikkelig tak i kampen. Me skulle få nok eit mål som resultat av overtaket. Tore er heilt aleine i feltet etter eit innlegg og er sikker med skallen og set inn 3-1
55 min: Tore golle..nydelig…fri heading og Søraas e rolig som skjæra på tunet..3-1Deilig ledelse som fekk roa ned frynsete nerver.
Likevel hadde ikkje Hundvåg 2 gitt heilt opp og tar litt meir tak i kampen. Dei byrja å produsere halvsjanser noko som ofte resulterer i mål. Dette skjedde også her når heimelaget reduserer.
65 min: 3-2..Suldal rope på offside..Dommeren meine nei..reduseringinga er eit faktum
Nå skulle Hundvåg 2 kjøre kampen skikkelig og Suldal slit med å henge sammen. Det produseres meget gode sjanser og me er heldige som beheld ledelsen vår.
77 min: Spinnville sjanser til heimelaget..nå må me opp mange hakk
Heimelaget var gode i denne perioden, men Suldal var gode og heldige som klarte å stå i mot. Det var derfor deilig når dommer bestemte seg for å avslutte thrilleren. Deilig seier i boks og ein god bortekamp er et faktum.
Dette var fantastisk etter ei vanskeleg periode med dårlig spel og ganske svake kamper. Denne kampen beviste at Suldal er eit av dei bedre laga i pulja om me er påskrudde.
Nå ventar dei to siste kampane for sesongen og me går for full pott. Med seieren denne helga går me opp på likt med MIL 2, men framfor på målforskjell. Neste laurdag kjem Sørmarkå på besøk til Suldal.
Mål: Øystein, sjølmål og Tore
Gule kort: Torjus