Siste heimekamp for i år, og berre såvidt det blei kamp. Sterk vind og lite spelarar på begge lag, men det blei nå i alle fall spelt.
Vinden herjar for tida, og Sørmarkå var noko bekymra for om dei kom seg heim igjen. Hjemlelandsferga var innstilt mellom kl 14-17.30, men det ser ut til at det blir opna igjen akkurat mens dette blir skrive. Då satsar me på at motstandarane kjem seg heim til skjepeleg tid.
Det skulle bli eit lite antiklimaks av ein kamp. Sørmarkå hadde kun ni spelarar, men var sporty og stilte opp. Dermed blei kampen stort sett spelt på ein banehalvdel. Begge lag forstod nok at det var om å gjera for gjestene å begrensa tapet.
Suldal gjekk raskt opp i leiinga. Etter om lag 8 minutt svinga Øystein Nærheim eit innlegg på bakre stolpe. Der venta sjølvsagt goalgetter Tore Bendiksen Søraas og sette ballen i mål.
Om lag halvvegs ut i omgangen var Øystein igjen nestsist på ballen då han tredde gjennom til Jone Utbjoa som frå straffemerket kunne skli ballen forbi ein keeper i ubalanse.
3-0 var det Isak Berekvam Steine som fekk æra av å setta i mål frå kort hald etter noko tilfeldigheiter i feltet. Isak pleier helst å dundra ballen i mål frå avstand, noko han prøvde på fleire gonger i løpet av kampen, men i dag blei det altså med eit pirkemål.
Jonas Laukvik i suldalsmålet var lite borti ballen, det var stort sett når forsvaret vårt lot han få kjenna på ballen at han var med i denne kampen. Når Sørmarkå fekk tak i ballen, var det lite folk framme som dei kunne spela opp på. Det blei ein roleg dag på jobben både for keeper og forsvar.
Midtbane og spissar fekk derimot mykje ballkontakt. Det blei prøvd å spela seg gjennom eit kompakt og hardt kjempande motstandarlag. All ære til arbeidet dei la ned. Målvakta til gjestene var også sterkt delaktig i at det berre blei eitt mål i andre omgang. Igjen var det Tore som fekk ballen i mål då han drog seg fri, kom åleine med keeper og sette ballen sikkert i nettet.
Det burde nok blitt fleire mål, men konsentrasjon og presisjon i avslutningane var ikkje så skjerpa som dei nok hadde vore dersom kampen var jamnare og hadde meir nerve. Det blei tre poeng på ein roleg dag.
Neste helg er siste kamp for i år. Den går borte mot Hjelmeland. Pr i dag ligg Suldal på 3. plass, men Midtbygdens 2 har ein kamp mindre spelt. På onsdag møter dei Paradis, og med siger der går dei forbi oss på målforskjell før siste runde. I siste runde møter dei Hundvåg 2. Ut frå tabellen, vil nok Midtbygdens vera favorittar til å vinna begge desse kampane. Me burde nok derfor ha putta tre-fire mål til i dag dersom me skulle hatt sjanse på pallplass. Me må og hugsa at me må slå Hjelmeland. Det skjer ikkje av seg sjølv. Me satsar på full tenning og konsentrasjon i siste kamp!
Fakta:
Mål:
8 min: 1-0: Tore Bendiksen Søraas, målgj. Øystein Nærheim
20 min: 2-0: Jone Utbjoa, målgj. Øystein Nærheim
34 min: 3-0: Isak Berekvam Steine
80 min: 4-0: Tore Bendiksen Søraas
Lag:
Jonas Thorgersen Laukvik – Rene Adjemi, Isak Berge Espe, Johannes Wigestrand – Mohammed Ibrahim Dawud, Atle Espevik Mehus, Jone Utbjoa, Øystein Nærheim, Marius Sigstad – Tore Bendiksen Søraas, Isak Berekvam Steine.