
I går sikra Viking FK sitt damelag opprykk til nesthøgaste nivå, 1. divisjon. Med på laget er Mari Fisketjøn Indrebø. Suldal IL gratulerer!
Etter at Mari flytta frå Suldal for å gå på vidaregåande, har ho vore del av dette framstormande damelaget. Viking har vore nære på å rykka opp frå 2. til 1. divisjon i fleire år, men nålauga er trongt. Berre eitt lag rykkar opp, så ein kan nesten ikkje ha feilsteg gjennom sesongen. Det bli også mykje reising. I divisjonen er det 14 lag frå heile Sør-Noreg, frå Grimstad til Trondheim og Viking til Tynset. Det er framleis to kampar igjen, men leiinga ned til Molde på 2. plass er 11 poeng. Sjølv om Molde har ein kamp mindre spelt, så kan dei ikkje ta igjen forspranget.
Viking har kun eitt tap, og i kampen mot Bryne på 4. plass i går viste dei verkeleg at dei nå er klar for spel eit nivå opp. Viking stoppa ikkje før det stod 0-7 på Bryne, og det var klart for feiring. Mari spelte dei siste 20 minutta i går. Neste år blir det altså 1. divisjon, og endå lenger reiser. Her er både Tromsø og Bodø lag ein skal bryna seg mot.
Ein skulle tru at ein då ville møta eit anna lokallag; Klepp. Dessverre er ikkje laget der like sterkt som det var då Mari si mor, Siri spelte der i toppserien for nokre år sidan. Det har vore sterk konkurranse om spelarane mellom laga på vestlandet dei siste åra, og Klepp er ikkje lenger det sjølvsagte valet slik det var før. Nå kjempar Klepp, Viking, Avaldsnes, Staal og laga frå Bergen om dei same spelarane. Nå kan det sjå ut som at Viking skal stadfesta posisjonen som det nestbeste kvinnelaget i regionen, så får me sjå om Avaldsnes greier å halda plassen i Toppserien, eller om dei rykker ned og møter Mari og VIking til Rogalandsderby neste år.
Dersom de har innlogging på Stavanger Aftenblad, kan de lesa meir her: Aftenbladet.
Tabellar og resultat finn de på fotball.no.