Det blei uavgjort i siste kamp for a-laget i år, og med det sikra dei 3. plassen i gruppa. Som oppmann Tor Olav seier: Me er best av røkla!

Trenarteamet Ørjan Underbakke og Jone Utbjoa har komme godt ut av den første sesongen med ansvar for a-laget til Suldal. Madla 3 var det lite å gjera med, sjølv om det ikkje var langt i frå at Suldal kneip poeng frå dei på heimebane. Madla har vunne 17 kampar og spelt ein uavgjort. Madla har sitt 2’ar-lag i divisjonen over oss, og kan derfor ikkje rykka opp. Det blir dermed Fisjå som tek turen opp i 5. divisjon. Fisjå er eit lag me meiner me i store deler av kampane mot dei meiner me er nesten like gode som, noko fire jamne kampar mot dei har vist. Men Fiskå har likevel vore jamt over sterkare enn oss i avgjerande situasjonar. På fire kampar dei siste to sesongane har me berre fått eitt poeng mot dei. Å vera litt sterkare over tid viser godt igjen på tabellen, me er 12 poeng bak andreplassen.

Bak Madla på topp, legg Ryfylke hevd på dei neste fire plassane: Fiskå, Suldal, Midtbygdens 2 og Hjelmeland følgjer tett på, før det er ei lita luke ned til by-laga. Sunde skil seg ut som det svakaste laget i år, og rykker ned.

I avslutningskampen mot Hjelmeland blei det altså poengdeling. Hjelmeland har blitt vesentleg sterkare utover sesongen, så uavgjort her er eit i utgangspunket eit greitt resultat. Subjektive meldingar frå kampen frå trenar Ørjan går likevel på at Suldal var soleklart best i kampen, men fekk to mål uforklareleg annulert. Utlikninga til Hjelmeland var dessutan på eit tvilsamt frispark. Måla til Suldal kom frå halvt suldøl, halvt saudabu Atle Espevik Mehus. Han sette ballen i mål etter løp i bakrom på pasning frå Torjus Steine, og målgarantisten Jone Utbjoa heada inn eit hjørnespark frå Mohamed Ibrahim Dawud.

Stor skrøyt til 15-åringen Rasmus Steine som fekk sin a-lagsdebut. På kort varsel blei han spurt om han kunne stå i mål i kampen, og den utfordringa tok han på strak arm. Tøft gjort!

Med det er sesongen over. Som nemnd eit godt resultat. Planlegging av neste år er alt i gong, og me har nokre ønskje om terminlista slik at me kan få betre fordeling av heimekampar og at dei ikkje kolliderer med cupar. Med ny tribune i Prestavikjo, ønskjer me å legga til rette for å fylla den mange laurdagar i 2024.

Her er tabellen for årets sesong: Fotball.no

Fakta:

Mål:

Atle Espevik Mehus, målgj. Torjus Steine.

Jone Utbjoa, målgj. Mohamed Ibrahim Dawus.

Lag:

Rasmus Sundseth Steine – Rene Adjemi, Torjus Steine, Sindre Vik – Atle Espevik Mehus, Jone Utbjoa, Håvard Fatnes, Mohamed Ibrahim Dawud, Marius Sigstad – Tore Bendiksen Søraas, Isak Berekvam Steine.