Ein av hovudsponsorane våre, Statkraft, gir kr 10.000,- til Prestavikjo. Det er kjekt å ha næraste nabo med på laget!

Midlane kjem gjennom ordninga «Min hjertesak», der dei ansatte kan nominera prosjekt som kjem nærmiljøet til gode. Ordninga gir kr 10.000,- til formåla dei støttar. Den ansatte som har nominert har sjølv brukt utallige timar i Prestavikjo og i fotballen i Suldal IL, både som stødig midtstoppar, trenar, oppmann, fotballgruppemedlem og i mange andre roller. I «gamle dagar» festa han slådda på bilen og løyste opp den frosne grusen i nordre sving før vintertreningane til a-laget. Spør ein denne karen om noko, så er svaret alltid «Jøsses ja!»

Statkraft kom til bygda då Ulla-Førre-prosjektet (Usikker kjelde: Wikipedia.org) skulle realiserast, og var ein viktig støttespelar då fotballbanen blei etablert i 1977. Dei stod med anna for at det blei lys på banen alt då, lys som i dag er 45 år og modent for utskifting.

Under prosjektet me nå held på med, bidreg Statkraft i tillegg til denne gåva med lagringsplass og lån av diverse utstyr som me har bruk for. Som hovudsponsor gjennom fleire ti-år, er og har Statkraft vore viktig for aktiviteten i Suldal IL.

Tusen takk for gåva!