Suldal IL viste godt igjen på Hovden i helga! Som helgas største klubb, lot ikkje det gå umerka hen… Speakeren på stadion på Hovdenrennet 2023 kommenterte meir enn ein gang den gode tilveksten det er av skiløparar i Suldal! «Ski er viktig i Suldal, for her gror det godt. Det er imponerande!».
Hyttetur
Skigruppa i Suldal IL arrangerte andre helga i desember klubbtur til Hovden. Heile 50 suldølar reiste austover for ei aktiv og sosial helg. Fredag ettermiddag kom me køyrande til Hovden i tur og orden. Her innkvarterte me oss på hytter i felles hyttegrend, kor me også fekk hyttenaboar frå andre idrettslag i krinsen. Mange nytta fredagskvelden til ein tur på skistadion. Her fekk me bli kjende med løypene, testa skia og leika i lag på ski. Tilbake på hyttene var det mange frå den yngre garde som samlast ute i «hyttegata», og til leik i snøen.
Skirenn, aktivitetskveld og pizza
Laurdag venta ein fullspekka dag! Først ut var Hovdenrennet 2023, kor Suldal IL stilte med heile 24 skiløparar frå klasse 17-år og ned til barnehagealder, og ein solid heiagjeng. For skiløparar frå 13 år og oppover var dette rennet KM i friteknikk. Alle suldalsløparane gjorde ein kjempe innsats i skisporet og gjekk flotte renn i sine klassar. Det vart mange pokalar og medaljar med heim i sekken. Me fekk også ein krinsmeister: Mathea Vik vann K17. Thomas Bakka tok sølv i M17, Simon Bakka og Aksel Sukka Mehus fekk bronse i G14 og G13 i KM.
Etter ein liten «pust-i bakken» i hyttene, samlast me alle på grendehuset på Hovden. Her var det på med joggesko og felles aktivitetar i gymsalen, klatring i klatreveggen og god drøs i foajeen. Nokon testa også ut biljard- og bordtennisbordet. Etter ei uhøgtideleg fotballturnering kom der høge stablar med pizza inn dørene, og me samlast til felles pizzamåltid. Kan tru det smaka godt med pizza og brus nå! Ein skikkelg sosial og triveleg kveld vart det. Den eldre del av turfølgjet trengte etter kvart å roa ned i hyttene, medan den yngre garde hadde meir energi og måtte ropast inn då dei vaksne ville leggja seg…
Skiglede med HSG-trenarar
Etter ei god natts søvn var me klare for meir ski! Søndag føremiddag inviterte skitrenarar frå Hovden Skigymnas til felles trening og leik på ski for alle som ville. Her blei me delt inn i aldersgrupper og fekk både gode teknikktips og oppleva at fokuset er skiglede. Det var eit stort oppmøte, og det er kjekt å møta og vera i lag med jamngamle frå andre klubbar i Agder og Rogaland Skikrets. Dei som heller ville gå seg ein runde eller to i dei flotte skiløypene, eller øva seg på å gå opp og ned bakken kunne gjera det. Mange mødre og fedre nytta høve til å få seg ein søndags-skitur. Så var det tid for pakking og heimreis.
Det vart ei fullspekka desemberhelg på Hovden; masse skiglede, felles hytteovernatting, varierte aktivitetar og sosialt samvær på tvers av aldrar og nivå. Arrangørane av klubbturen har hausta mange godord for det som vart stelt i stand. Ekstra kjekt var det at så mange vart med.