Vinnarlaget 2023: Frå venstre: Samuel Lunde, Stian Myklebust, Roald Emuge Oluka, Michal Kral (trenar), Jørgen Aadnøy, Ondra Kral, Rasmus Sundseth Steine, Emil Hagen, Jostein Marvik Hølland, Anders Warhaug (trenar), Levi Lundal Warhaug, David Gjil, Trygve Mehus Rugland. Framme f.v.: Tor Olav Aarhus, Veigar Elia Gudding Eyfjord

Suldalsgutane- og jentene har vore med nokre år på Score Cup i fotballhallen Vår Energi arena på Randaberg. I år gjekk G14-laget heilt til topps! Det er ein strålande prestasjon, og her kjem reisebrev frå turen og cupen. Veronica Lundal Warhaug står for tekst, mens Michal Kral har teke bilda.

Det var ein spent, og litt trøytt, gjeng som reiste tidleg frå Suldal søndag morgon for å vera med på Score Cup på Randaberg. 

For nokon var dette deira første kamp på Suldalslaget, og eg trur fleire kjente litt på nervøsiteten av å møta store gutar frå byn. 

Første kamp var klokka 10.00 mot heimelaget Randaberg, og sjølv om Suldalsgutane haldt stand ganske lenge, byrja måla i mot å renna inn i andre omgang. Kampen enda 5-0 til Randaberg, og det var ikkje heilt den starten ein hadde ønska seg.

Så såg det ut til at Suldalsbeina starta å vakne. Andre kamp mot Vardeneset blei spennande, og Suldal gjekk av med sigeren 4-2.

I pausen hadde dei sjekka ut neste motstandar, Havørn, og dei meinte at og her kunne dei ha muligheit for ein jamn kamp.
Nå var Suldalsgutane verkeleg i slaget, og etter 24 minutt var resultatet 6-1 i vår favør!

Stemninga blant delegasjonen frå Suldal på tribunen steig, flagget med «Heia Suldal» blei vifta med av ivrige søsken. Nå var det kjekt å vera på Cup! 😀

Neste kamp var semifinale mot Randaberg 2. Erfaringa frå første kamp viste at Randaberg var gode, og det blei ein tøff kamp frå første sekund. Suldal måtte i tillegg spela 5 minutt med ein mann utvist, men dei kjempa seg gjennom, og haldt 0-0. 

Endeleg kom det eit mål til Suldal, nå måtte me berre klara å halda resultatet dei siste minutta! Nå blei det litt meir kaotiske tilstandar på banen, der oppgava var å halda forsvaret, og ikkje sleppa inn mål! Og gjett om det blei jubel både på banen og tribunen då fløyta gjekk, og me gjekk av med nok ein siger! 🥳

Gutane var i ekstase, foreldre og søsken gratulerte stolt kommande finalistar i A-sluttspelet.

Det blei lenge å venta på å få spela finale. Ein måtte venta til andre var ferdige med sine kampar, og fleire kampar blei utsett grunna straffekonkurranse for å avgjerda kampane.

Klokka 16.00 skal den viktigaste kampen for dagen blåsast i gang, og Suldalsgutane står klare på grasmatta. Det samme gjer Randaberg 3.

Det blei to forykande omgangar, med mange sjansar begge vegar. På tribunen bytta me på å halda pusten, jubla og heia. Og når kampen enda 0-0, og det var tid for å avgjera med straffekonkurranse, var nervene til å ta og føla på. Kven hadde best keeper, og kven hadde dei kaldaste straffetakerane? Etter at begge lag hadde skåra på 6 straffar kvar, turte me nesten ikkje sjå lenger. 

Suldal fekk inn sitt 7. mål, kom Randaberg til å halda tritt? Ein spelar frå Randaberg gjer seg klar, det blir heilt stille blant tilskodarar og spelarar. Er det nå det skal avgjerast? Ballen flyr over mål, og jubelen kan endeleg sleppast laus! 😀 

Breie smil, slitne bein og trøytte kroppar er klare for å setta nasen mot Suldal igjen, med den gjeveste pokalen med seg i bilen. 

Tusen takk for ein fantastisk cupdag!