Den frivillige forsamlinga samla i Samfunnshuset.

Sist fredag tromma idrettslaget saman til samling og fest for dei som har vore frivillig dei siste fire åra. Sist gong me hadde eit slikt treff var før korona, i 2019, så det var på tide at me fekk sett oss ned i lag oss igjen.

Desse fire åra er det heile 126 personar som har bidratt for å halda hjula i gong innan ski, fotball, trim, økonomi, prosjekt, styre og dugnad. Og då har me ikkje tatt med dei som har stilt opp i kiosk, køyring og enkelte andre ting. Det kunne fort blitt heile bygda!

Av dei inviterte var det 50 stk som møtte opp på samfunnshuset. Første del av kvelden var via til informasjon og gruppearbeid. Leiar Helen ønska velkommen og sa litt om stoda i idrettslaget. Jon følgde på og informerte om fotballgruppa og Prosjekt Prestavikjo, mens Magnus fortalde kva skigruppa dreiv med.

Me har pleidd å ha noko gruppearbeid på desse samlingane. Dette for å fanga opp kva me kjenner går bra, og kva som ikkje går bra. Ting me kunne gjort betre, eller ting me ikkje gjer som me burde gjera. Korleis tek me i mot nye deltakarar og medlemmer? Korleis møter me motstandarar, dommarar, lagleiarar, arrangørar, publikum? Korleis takkar me av dei som gir seg? Korleis ønskjer me å bli opplevd av andre? Kva rykte vil me ha? Finst det ein «Suldalsstandard»? Og ikkje minst: Korleis held me flest mogleg lengst mogleg i idrettslaget? Det vart mykje god drøs rundt borda, så mykje at me ikkje fekk tid til å komma oss gjennom alt før det var tid for mat. Kva som kom ut av arbeidet vil styret samla saman og ta tak i utover vinteren.

Medan deltakarane var i drøsen rundt spørsmålsstillinga, sjaua Geir Kjetil, Magnus, Tom og Jon med matlaging og servering. Knallgode hamburgarar med ein del attåt, og is med peanøtter og nonstop til dessert. Innimellom rettane leia Tom forsamlinga gjennom 2 x 12 tippekupong med quiz knytt til idrett generelt og Suldal IL spesielt. Kva var medlemsavgifta i Suldal IL i 1946 nå igjen?

Me har tidlegare invitert gjesteforelesar, og i år meinte me at me hadde fått tak i ein perfekt gjest. Invitasjonen gjekk ut i god tid, og vedkommande takka raskt ja. Ei lita veke før festen dukka det (eigentleg som venta) opp ein potensiell utfordring for å få gjesten på plass. Det handla om Hydro, og gjekk føre seg i Oslo. Vinterveret var verkeleg vinter, fly går ikkje alltid på tida, el-bilar slit med batteri i tosifra minusgrader. Det kunne rundt middagstider sjå ut til at innslaget frå den inviterte måtte gå ut. Det hadde vore synd, for det var nok fleire som hadde lyst til å høyra kva vedkommande hadde å seia.

Mads Drange fortel om då han fann idrettsgleda att i Afghanistan.

Så, rett før desserten skulle på bordet, kom likevel Mads Drange inn døra på samfunnshuset, og då isen var fortært gjekk han på scenen for å snakka om akkurat det han ville. Han kunne ha valt nesten kva som helst som handlar om idrett. Den nye ordføraren har kompetanse innanfor breidde og topp, organisert og uorganisert, sin eigen og andres idrett. Han veit mykje om ting som føregår bak medaljane, kanskje for mykje. Det hadde vore interessant å høyrt om alt dette, men det hadde blitt eit heilt seminar! Av alt han kunne ha snakka om var det kjekt at foredraget hans handla om då han etter tøffe år som dopingjegar og på innsida av idrettsforbundet kunne fortelja om då han fann tilbake gleda ved idrett. Første lysbilde viste Mads i debatt med aktuelle Besseberg, men resten av bilda viste ski- og idrettsglede blant barn og unge i Afghanistan. Der var Mads med på å starta ein nedoverskiskule høgt i dei afghanske alpane, og dette fortalde han levande og engasjert om.

Nokre ord om idrettsforbund, breidde vs topp i Noreg og litt andre ting blei det og sagt litt om, men hovudpoenget var idrettsglede og korleis idrett kan vera samlande og gi meining.

Den organiserte delen blei avslutta med dei tradisjonelle konkurransane mellom borda, med Tom i rolla som programleiar. Her var det knallhard kniving, skulnadar om juks, gode og mindre gode prestasjonar, sportsleg og usportsleg opptreden, og til slutt ein verdig vinnar. Så var det tid for drøs og taffelmusikk utover natta.

Takk for laje!