Suldalsrennet 2024
Omtrent samtlege av Suldal IL sine skiløparar har vore i aksjon i helga. Det store arrangementet for klubben har vore Suldalsrennet, som me sjølve var arrangør av. Her var det 127 deltakarar frå heile Rogaland. For 13- og 14-åringane var rennet ein del av kretscupen. Suldal IL hadde 45 løparar til start, og mange gode dugnadsfolk både inne på Gullinghuset, i løypa og på stadion.
Suldalsposten skriv om Suldalsrennet:
Resultaltliste: https://www.suldal-il.no/?p=21242
Saudasprinten
Saudasprinten i Slettedalen har tradisjonelt sett hatt mange løparar med frå Suldal. I dag sette vêr- og føremelding på vegane ein stoppar for den store deltakinga frå Suldal IL. Kun familien Gjuvsland med Edel, Jone og Gaute stilte på renn i Sauda i dag.
Helen Moen Gjuvsland referer frå rennet:
Resultatliste på https://live.eqtiming.com/70486#result
Norgescup junior – Lygna
Dei eldste juniorane i idrettslaget har i helga målt krefter mot jamngamle frå heile landet i norgescuprenn på Lygna. Mathea Vik stiller i klasse K17 og Thomas Bakka i klasse M17. Det starta med sprintrenn på fredag. Laurdag venta 10 km fristil på Mathea og 15 km fristil på Thomas. I dag, søndag har Mathea gått 5 km klassisk, og Thomas 7,5 km klassisk. Begge to er elevar ved Hovden Skigymnas og reiser i lag med teamet frå skulen.
Sverre Vik refererer frå helga:
Denne helga var Suldal il representert med 2 utøverar i norgescupen for jr. Thomas og Mathea reiste saman med klassekameratar og venner frå Hovden skigymnas til Lygna skisenter på Hadeland. Heile 800 hardtsatsande skiungdommar frå heile landet mellom 16 og 20 år var på start. Flotte forhold på Lygna. Kald ,trå snø på fredagen og laurdagen. Søndag blei litt sur med snø og vind.
På programmet denne helga var sprint fristil, distanserenn fristil, 10 km kvinner/ 15 km menn og distanserenn 5/ 7.5 km klassisk. Dei 50 beste i kvar klasse tek norgescup poeng. Thomas var ikkje heilt nøgd med fristilrenna sine, han havna rett bak å ta poeng. Men på søndagens klassisk renn klinka han til og gjekk inn til ein svært sterk 22 plass. Mathea gjekk ein god prolog nr 29 og gjekk vidare til kvartfinalen på sprinten , men rauk ut der og fekk ikkje gå semifinalen . På distanserenna vart plaseringane 31 og 43. Dermed samla begge seg mange poeng, Mathea 46 og Thomas 38. Dette var første norgescuphelg av 4, neste er i Granåsen 16-18 feb. Gratulera til søsjabadn Malena Sirekrok som imponerte stort og gjekk heilt til topps i sin klasse 18 år.
Resultat frå helgas Norgescup junior: https://www.skiforbundet.no/arrangement/2023-2024/24nclygna/equinor-nc-junior/startlister-og-resultater/?fbclid=IwAR2W5yYNKipFzQ75_os83mnRtJI4csDxMTwKHAAcjTa-MaIhpHR2GKpnwWE
Sandriprennet 2024 og Vindbjartmixen
Førre helg: 13.-14 januar gjekk Sandriprennet 2024 og Vindbjartmixen KM sprint stafett av stabelen på Sandrip. Me har fått dette referatet frå den helga: Brørne Thomas, Daniel og Simon Bakka stilte alle tre til start på Sandriprennet. Rennet gjekk i klassisk stil i flotte forhold, temperaturen låg rundt 2-3 pluss.Temperatur omslaget frå dagen før med minus 10, førte til at blå extra måtte vike til fordel for klisteret. Thomas og Simon sikra seg ein første plass denne dagen, og Daniel ein 6.plass. Alle 3 godt nøgde med eigne prestasjoner denne dagen, skismørjaren fekk også godkjent for skia. Idag var det KM sprintstafett skøyting, Simon og Daniel gjekk isaman i gutar 15-16 årsklasse. Dette gjekk godt for Suldalslaget som kom inn på ein god 6.plass.
