Det har tidlegare vore skrive at det er protokollar frå styremøte som ikkje er lagt ut. Det er heilt feil! Dei har fortløpande blitt publisert her på heimesida.

Protokollar har heile tida blitt lagt ut presist og i upåklageleg stand heilt frå 2017, enten som innlegg fortløpande, eller på samlesida «Styret informerer». Her tek nettansvarleg (underteikna) på seg all skuld for ikkje å henga heilt med i svingane, sjølv etter fleire påminningar om kor dei ligg.

De finn protokollar og årsmeldingar i menyen under «Styret og medlemsinformasjon» – «Styret informerer«.