Nå er snart alle laga i gong med trening for sesongen 2024. Her kjem litt informasjon det kan vera greit å få med seg.
Treningstider ligg fast på menyen her på heimesida. På sida «Faste treningstider Suldal IL….» finn ein oversikt over treningstid i gymsal og på banen. For å gjera det enkelt for lesaren her og nå, kan de sjå tidene direkte på
Inne på treningstidene ser ein også kven som er trenarar for dei ulike laga. Det er veldig kjekt at me får så mange med på å trena og leia laga. Det er lettare å takka ja når ein har fleire å spela på. Tusen takk til alle som seier ja, det hadde ikkje gått utan dykk!
Me nyttar Spond til kommunikasjon mellom trenarar og føresette. Ungdommane kan sjølv vera medlem på Spond. Me ber om at ein er flink til å melda av eller på innan fristar. Dei vanlege treningane er sett opp slik at ein må melda seg av dersom ein ikkje kjem. Gute- og jentetrening for 3.-6./7. kl er slik at ein må melda seg på.
Når ein kjem til kampar i Suldalsserien, må ein der aktivt melda seg av så snart ein veit ein ikkje kan stilla. Til cupar må ein aktivt melda seg på. Ein kjem raskt inn i dette, og det gir trenarane god oversikt. Har du ikkje komme deg inn i Spond? Send ei melding til trenaren, så får du hjelp.
Viktige datoar:
- 10. mars: Statkraftcup i Suldalshallen. Der er påmeldingsfristen gått ut, men ein får sjølvsagt vera med om ein ikkje har fått tid til å melda seg på. Gi beskjed til trenaren snarast.
- Rundt april: Mogleg cup i distriktet.
- 14.-16. juni: Etnecup for 11-13-åringar. Påmeldingsfrist er gått ut, men ta kontakt med trenar om ein likevel ønskjer å vera med.
- 17. august: Grendacup for vaksne.
- 7. september: Røldalscup. Påmelding blir sendt ut i god tid før sommarferien, frist før sommarferie.
- 14. september: Suldalscup. Her reknar me med at alle er med, så her må ein melda seg av. Melding om dette kjem rett etter skulestart i haust.
Suldal IL er arrangør av Suldalsserien og Suldalscupen i år. Me reknar med at kampane i Suldalsserien startar i slutten av april.
Suldalsjentene- og gutane, samt a-laget startar ofte opp sesongen tidleg i april. Om det blir cup på Suldalsgutane- og jentene i år, veit me ikkje. I 2024 stiller me med G12, G13, G15 og J15.