Suldølane viste godt igjen på resultatlista i Ungdommens Holmenkollrenn denne helga. Simon Bakka tikka inn idrettslagets beste resultat med ein imponerande 9.plass i det klassiske løpet på laurdagen. 

Read more: Suldalsløparar imponerte i Holmenkollen
Suldalsløparane som konkurrerte i Holmenkollen hadde nokre flotte dagar! F. V Serina Litlehamar KJetilstad, Hanna Lunde Hoftun, Agathe Lunde, Gaute Gjuvsland, Aksel Sukka Mehus og Simon Bakka. (Foto: Helen Moen Gjuvsland)

Ungdommens Holmenkollrenn er ein populær arena der dei ivrigaste skiløparane frå heile landet i klassen 13 og 14 år samlar seg for å måle krefter i skisporet. 

Dei fleste har eit forhold til kollen-bruset, Northug-bakken og det historiske oppløpet der publikum heiar deg inn over målstreken. Difor var det nok ei god blanding av spenning og forventning som låg i lufta før denne helga, spesielt for 13-åringane som prøver seg i Holmenkollen for aller første gong. 



Topp-plassering i klassisk 
Laurdagen starta med strålande sol og fantastisk stemning på arenaen. Suldal IL hadde på forhand leigd eiga smørje-bu, slik at smørjeteamet kunne jobbe saman om å finne rette formelen, som skulle sikre både god glid og godt feste. Løparane på dette årstrinnet går tre kilometer og løypene i Holmenkollen er av den utfordrande sorten, med bratte bakkar  og krappe svingar. Likevel gjekk alle seks løparane frå Suldal IL imponerande gode løp. Aksel Sukka Mehus (G13) var første suldølen ut på det klassiske rennet på laurdagen og leverte eit solid løp i ein klasse med mange deltakarar, i klassen J13 gjekk både Hanna Lunde Hoftun og Serina Litlehamar Kjetilstad gode løp. I klassen J 14 imponerte Agathe Lunde med eit vel gjennomført løp, det gjorde også Gaute Gjuvsland og Simon Bakka som begge konkurrer i G14. Simon fekk ein imponerande 9.plass og vart dermed ein av dei 10 første som blir premiert i ein høgtidleg premieseremoni med ekte kollen-fanfare. 



Høg fart i fristil
Søndagen var det duka for fristil, og smørjeteamet kunne dermed unne seg ein litt lågare kvilepuls i testområdet. Denne dagen vart det litt kaldare temperatur, men likevel var det godt preppa løyper for dei som skulle ut i skøyteteknikk. Også i dag  leverte samtlege suldalsløparar gode renn i høg fart. Med totalt omlag 600 deltakarar er dette eit stort skirenn der det aller viktigaste er å gå gode individuelle løp, uansett korleis plasseringa på resultatlista blir til slutt. Suldal IL viste godt igjen på arena-området med skidressar og jakkar der sponsor-merkene er godt plasserte. Speakeren nemnde også idrettslaget i «beste sendetid» og hadde merka seg skigruppa som har eit levande engasjement for å heie fram dei lokale ski-ungdommane.  Med andre ord fekk både løparar, smørjeteam og støtteapparatet ei flott helg i Oslo der det sosiale livet mellom renna er minst like viktig som resultatlistene.