Høg fart i skiløypene gav Suldal IL fleire medaljar og gode plasseringar i helgas vestlandsmeisterskap.

10. og 11. februar var det høg stemning i skisporet, både på Korlevoll og i Røldal då det vart arrangert ope  vestlandsmeisterskap for kretsane Sogn og fjordane, Hordaland, Agder og Rogaland.

Frisk start på Korlevoll

Laurdagen starta med fristil i frisk vind på Korlevoll. Ein god gjeng med suldalsløparar trossa dei litt heftige vêrmeldingane og målte krefter med løparar frå Bergen, Voss, Hardanger og Haugalandet for å nemne noko. Av dei yngste gjekk både Johanne Berge (J 8), Vegard Moe Handeland (G8), Olav Marcussen Moe (G9) og Harald Litlehamar Kjetilstad (G10) solide løp der dei viste god fart i løypene. Frå og med klassen 11 år blir utøvarane rangerte etter tid, og i J11 sikra Amalie Lunde seg ein god andreplass og Eline Berge ein flott fjerdeplass. I G12 trona Jone Gjuvsland i kjent stil på toppen av pallen, få sekund framfor lagkamerat Svein Aksel Tjøstheim som fekk ein solid fjerdeplass og Åbjørn Marcussen Moe som leverte eit godt løp.

Fellesstart frå 13 år

Frå og med 13-årsklassen starta utøvarane i fellesstart denne dagen, og det vart hard kniving i feltet. I J13 år gjekk Hanna Lunde Hoftun inn til ein flott fjerdeplass i ein klasse med sterk konkurranse, medan Serina Litlehamar Kjetilstad sikra seg ein femteplass. Aksel Sukka Mehus i same årsklassen hadde og høg fart i løypene og kom inn på sjuandeplass.

Det er mykje som skal stemme i skiløypene, Agathe Lunde (J14) hadde ikkje heilt dagen på Korlevoll og valde å bryte fellesstarten. Ho heia i staden fram søskenbarnet i same årsklasse; Simon Bakka som fekk ein velfortent andreplass – berre eitt sekund bak førsteplassen! Gaute Gjuvsland gjekk også eit solid løp og kom inn som nummer sju i ein klasse med mange utøvarar. I 15-årsklassen gjekk både Ingrid Sukka Mehus, Vilde Tjøstheim, Daniel Bakka og Magnus Lunde Hoftun solide og gode løp. Desse utøvarane går 5 kilometer, noko som er ein betrakteleg lenger runde enn klassane 13 og 14 år som går ei løype på 3 kilometer.

Ivrige løparar

Marte Krogh fekk ein solid fjerdeplass i klassen J16, der ho gjekk mot sterke konkurrentar, blant anna frå Fana og Voss. I klassen 17 år gjekk Mathea Vik inn til ein flott andreplass, og Thomas Bakka inn til ein solid fjerdeplass. Begge desse er elevar på Hovden Skigymnas, og legg ned mange treningstimar i skisporet. Lars Lunde var den einaste seniorløparane til Suldal IL denne helga, og gjekk inn til ein god andreplass på Korlevoll.

Stas med barnerenn

Søndagen var det tid for klassisk teknikk i Røldal. Med fastelavnsbollar i varmestova og god ski-drøs ved grendehuset i bygda var det duka for tradisjonsrikt skirenn. Røldølane er også kjende for å premiere pall-plasseringar med eit rikt utval av hardangerbestikk, dermed var det mange som sikra seg påfyll til hybelkjøkkenet. Denne dagen vart det også arrangert barneskirenn der Klara Marcussen Moe og Anders Lunde Hoftun imponerte med god fart i løypene. Også denne dagen stilte Vegard Moe Handeland (G8), Edel Gjuvsland (J8), Olav Marcussen Moe (G9) og Harald Litlehamar Kjetilstad (G10) med godt mot og leverte solide løp i lysløypa i Røldal.

To førsteplassar

Jone Gjuvsland (G12) og Simon Bakka (G14) sto øvst på pallen denne dagen, medan Gaute Gjuvsland kom inn som ein god nummer 7 i klassen G14. Åbjørn Marcussen Moe leverte og eit solid løp i klassen G12 og sikra seg fjerdeplass. I klassen J13 fekk Serina Litlehamar Kjetilstad ein god tredjeplass, berre nokre få sekund framfor lagveninna Hanna Lunde Hoftun som trass eit fall i løypa sikra seg ein solid fjerdeplass. I klassen G15 kom Daniel Bakka inn på ein god fjerdeplass, tett fylgt av lagkamerat Magnus Lunde Hoftun som kom inn som nummer fem. Marte Krogh fekk også ei veldig god plassering, då ho sikra seg tredjeplassen i det klassiske løpet.