I fleire år hadde Suldal 7 er lag for menn før dette vart avslutta for nokre år siden. Det var litt variert kor me spelte heimakampane våre og nokre sesongar spela me heimekampane våre i Prestavikjo. Dei siste sesongene spelte me både heime og bortekampene våre i Stavanger. I 2024 sesongen bestemte me at me igjen ønska å spele 7 er fotball igjen for å gi et tilbud tl spelerar som er busett i byen. Me skal spele både heime og bortekampene våre i Stavanger. Med oss har me fått spelerar som har måtte børste støv av fotballskoa sine, nokre A-lagsspelerar og to saudagutar som har vist seg å halde god kvalitet.

Før sesongstart møtte me Madla 6 til treningskamp for å kjenne litt på nivået. Denne vant me overbevisande 6-2. Håpet om ein god start på sesongen var derfor tilstades då me skulle møte fjorårets sølvvinner til første obligatoriske kamp. Vardeneset 3 (VBK3) vart kun slått av Vardeneset 4 i 2023 sesongen, så det kunne bli ein tøff mulig start for oss i denne kampen. Elleve spelerar i gult og svart mønstra til start denne tirsdagskvelden på Vardeneset. Etter ei kjapp oppvarming og ein enda raskere «peptalk» var me i gong. Me starta med Jørgen i mål, Lars Thomas (ny), Sigvart og René i forsvar. Daniel, Isak og Jan Philip (ny) utgjorde midtbanen/angrepet vårt. Tommy (re-debutant frå Seljord), Odd Inge, Erik Vaage og Lars L starta på «benken». Tor Olav styrte laget frå sidelinja.

Som i treningskampen mot Madla 6 starta me dårlig. Dette garantert grunna dårlig oppvarming og tenning. VBK3 gjekk i angrep og kun ein god Jørgen hindra kalddusjen. Likevel skulle heimelaget ta leiinga etter litt sløv jobbing av oss. Etter fire minutt putta dei og me måtte opp mange hakk. Suldal tok etterkvart litt meir over og skapte nokre gode sjanser. Det var derfor fortjent at det vart utligning etter seksten minutt. Eit flott løp av Isak og ein god pasning frå Jan Phillip skapte balanse i regnskapet. Etter dette tok me meir og meir over og VBK3 stod ukritisk høgt med laget. Dette skapte gode sjanser for både Daniel og Lars L. Det var derfor ingen overraskelse då Erik kom gjennom og aleine med målvakten. Han var sikker som banken og sette inn ledelse til bortelaget få sekund før pause.

I pausen hadde med god tru og me trakk fram at heimelaget stod høgt. Me skulle presse dei raude og kvitstripa for å skape feil hos i deira etablering av angrep.

Likevel starta andre omgang litt likt som den første omgangen. VBK3 gjekk rett i angrep og me var på hælane frå start av. Dette utnytta heimelaget fullt ut og putta inn utligning to minutt etter pause. Etter utligning tok gultrøyene frå Suldal meir over og sjøl om heimelaget etterkvart vart meir og meir ufine, så haldt me delvis roen. Det var derfor fortjent då Daniel sendte oss I ny ledelse fem minutt etter at heimelaget hadde utligna. VBK3 verka meir og meir desperate og tok i bruk alle midler dei har lært i livet, noko kampens unge dommar fekk utfordringer med å handtere. Likevel skal denne ungdommen ha at han hadde meir å fare med enn fleire av sine eldre kollegaer i kretssystemet. Det vart ein del kjemping, men i dei siste ti minutta var det stort sett bare Suldal som skapte sjansar. Sjølv om kampen enda 2-3 skulle og burde det blitt større seiersmargin.

Dagens sitat kom frå Lars Lavalette då han chippa ballen i tverrliggeren tjue meter frå mål i plassen for å spele ballen til ein heilt ledig Jan Phillip. » Det e ikkje så ofte eg har fått mulighet til å chippa, så eg måtte bare prøva». Kloke ord frå karen som vart så stygt skada mot Hjelmeland i 2022 sesongen. Godt å ha han tilbake.

Ein meget fortjent og kjekk seier var i boks og samtlige i gult og svart gjorde ein strålende kamp. Deilig med seier mot eit såpass bra lag. Neste kamp er onsdag 24 april mot Vaulen C