Kamp to for 7 er laget denne sesongen skulle komme mot nok eit godt lag. Denne gongen Vaulen C som har vunnet denne serien mange år. I fjor hadde dei ein sesong med mange tap, men ein kunne sjå på laget at denne sesongen skulle dei satse litt meir.

Me på vår side stilte med nesten same laget som slo Vardeneset 3, men uten ein skada Rene og Tommy som var på jobbreis. Inn kom Knut Nærheim og forsterka laget.

Me har slete litt med å komme skikkelig igang frå start, men denne onsdagskvelden kom me bedre ut og kom tidlig til et par gode sjansar. Vaulen C har ein meget god målvakt med erfaring fleire nivå over oss, og bør vel takke han for at det ikkje blei stortap til slutt i denne kampen. Det var også denne målvakten som hindra Suldal i å ha ein ledelse på et par mål tidlig i kampen. Likevel skulle me få vår fortjente ledelse og denne kom gjen om godt press frå oss. Ballen enda til slutt hos Isak B Espe som runda målvakten og trilla ballen i mål. Etter dette prøvde Vaulen C å stå meir etter, men me har ein rolig og stødig målvakt i Jørgen som hadde grei kontroll.
Rett før pause skulle likevel Vaulen C få sitt mål. Eit kanonskot som mesterlig blir redda av Jørgen endar til slutt hos tidligere spelar for Suldal, Jon Herman Aas, som set ballen i mål.

Dommer bles like etter pausesignalet og me kunne gjer litt grep. Me snakka om å holde roen, men likevel være aggressive i presspelet, noko me kunne sjå at Vaulen C ikkje takla så godt. Det var fin positivitet i gruppa.

Andre omgang starta slik første omgang starta. Me pressa godt og kom til gode sjansar. Vaulen C sin gode målvakt var ein levende vegg og ein byrja etterkvart å lure på om me skulle få eit mål nummer to i denne kampen. Me jobba godt for kvarandre og samtlige på laget la ned god innsats. Ein kunne sjå at me meistrar 7 er formatet betre og betre for kvar kamp. Fire minutt før slutt fekk me eit frispark omlag tolv meter frå mål. Daniel B Espe med sin gode høgrefot stod klar. Daniel var ikkje verre enn at han banka ballen klink i vinkelen bak ei forfjamsa Vaulem-keeper. Eit nydeleg frispark og sitatet » det er alltid ledig i krysset» står seg godt.

Dette resultatet haldt seg til dommeren bles i fløyta at det var nok moro for kvelden.

Ein herleg seier og fullt fortjent ut frå spel og sjansar. Resultatet er litt som mot Vardeneset 3 litt jevnere enn det burde og me må bli bedre til å omsette sjansar i mål

laget: Jørgen, Sigvart, Knut, Lars Thomas, Isak, Jan Phillip, Daniel, Lars, Erik, Odd Inge

Neste kamp er mot Brodd C tirsdag 30 april kl 20.30