Suldal har hatt ein god start på sesongen med to seiere heime i Prestavikjo og ein uavgjort på Finnøy der rapportene seie at me hadde fortjent alle poenga.
Denne fredagen var det duka for ein vanskelig bortekamp på Storhaug, mot Storhaug. Den lille banen på Midjord har gjort det vanskelig for oss før, ein bane der heimelaget har sin fordel med harde dueller og litt uvørne triks. Likevel har me hatt våre gode kamper her og det var håp om tre poeng.
Jørgen heilt bakerst har hatt ein god sesong både på A-laget og på 7 er laget og gjorde ein god kamp på Storhaug. Sikker og god i alle situasjoner både med armer og bein.
Forsvaret med Isak B Espe, debutant Lars Thomas og Rene klarte seg godt mot Storhaug sin gode spiss og trioen hadde stort sett god kontroll heile kampen.
Vingbackene våre Mohammed og Marius var livlige i første omgang. Mohamed vart i andre omgang flytta opp på topp, noko som viste seg å var eit godt grep. Lars kom inn i andre omgang på vingbacken og underteikna er frista til å gi BB til Lavalette.
Midtbanen vår Sigurd, Håvard og Jone jobba godt heile kampen sjøl om dette var ein kamp det var utfordrende å bruke desse til anna en kjemping. Ein bra kamp av trioen. Jone fekk seg ein målgivende på 2-4 målet.
Angrepet vårt med Isak Berakvam og Hallvard hadde ein vanskelig omgang mot gode stoppere i første omgang. Dei kjempa om kvar ball og jobba godt. Isak Berakvam vart bytta ut til pause med Lars.
Innbyttere var Lars, som nevnt over her og Tor Olav Aarhus som fekk 5-10 min mot slutten
Kampen var prega av lite finspel der Storhaug tydeleg spelar på sine forse i fysikk og ødelegge for motstander. Deira angrep kom stort sett på deira venstreside, som skapte ein del farligheter i første omgang. I andre omgang produserte dei mykje mindre frå denne kanten.
Slik kom måla:
0-1: Kampen er tre minutt gammal då målmannen til heimelaget roter ballen til Hallvard. Erfjordbuen takker for tilbudet og set ballen sikkert i mål.
1-1: Seks minutt etter vårt mål får Storhaug si utligning. Eit innlegg frå høgre landar på hovudet til spissen deira. Ballen går i mål utagbart for Jørgen.
1-2: Elleve minutt etter pause går me igjen opp i ledelse. Hallvard får ballen og fører den utover. Utvendig kjem Lars og får ballen perfekt framfor mål. Lars er sikker og plasserer ballen fint bak keeper
2-2: Ti minutt før full tid får Storhaug si utligning etter litt rar dømming. Lars har gått ut med skade, men er klar til å komme inn igjen. Han roper til dommer, men dommer ber han vente. Storhaug angripe og sette ballen i mål frå høgre. Akkurat der Lars skulle vore. Ein skulle tru at dommer kunne la Lavalette komme inn før, men slik vart det. Igjen var me like langt.
2-3: Fem minutt før full tid går me på nytt opp i ledelsen. Ein «Pirlo-pasning» mellom back og midtstopper frå Jone finn Marius på godt løp. Aleine med målmannen er jelsabuen sikker og skliskyter ballen i mål.
2-4: Fire minutt igjen og Hallvard set spikeren i kista for Storhaug. Lars vinne ein duell på midten, ballen trillar til Mohamed som fører ballen oppover. Hallvard er på løp motsatt, dette ser Mohammed og slår ballen perfekt til Erfjord. Hallvard er sikker og sette inn sitt andre for dagen.
Tre minutt på overtid bles dommeren av kampen og ein deilig seier er eit faktum. Kanonbra jobba av samtlige og ein herlig seier mot eit Storhaug me alltid elske å slå.
Laurdag 4 mai kjem Vaulen 2 til Prestavikjo for å måle krefter mot vpre helter. Kampen starter klokka 13.00
Laget: Jørgen, Lars Thomas, Isak B E, Rene, Sigurd, Jone, Håvard, Mohammed, Marius, Isak Berakvam, Hallvard
Benken der begge fekk speletid: Lars og Tor Olav