Hundvåg 2 er eit lag me har møtt fleire gonger dei siste femten åra. Det har vore eit lag som me både har slått og tapt mot på deira heimebane, men i Suldal har me stort sett hatt gode resultat mot laget frå «øynå».
Desse 2 er laga er veldig uforutsigbare då dei stort sett har førstelag i både 3, 4 og 5 divisjon og kan velge og vrake i inntil fem spelerar frå siste A-kamp. Dette har Hundvåg 2 alltid benytta seg av og har vel nokre gonger hatt meir førstelagsspelerar med uten at me har mulighet for å sjekke dette. Det er ingen andre lag me har stussa meir over enn nettopp dette laget.
Til denne kampen hadde dei eit lag fullspekket med spelerar som hadde vore involvert for førstelaget denne sesongen. Hundvåg 1 held til i 5 divisjon etter å ha rykka ned siste sesong, men har starta godt. Ein mengde med gode 5 divisjonsspelerar kan fort gjer utslaget i kamp der ein møter lag frå divisjonen under.
Suldal har på si side opplevd ein strålende start på sesongen og innehar tabelltoppen med to kamper meir spelt enn dei andre laga. Hundvåg 2 låg før denne kampen på tredje plass.
Til denne kampen hadde trenarduoen Ørjan og Jone ei god spelargruppe å velge mellom. Sjøl med ein del forfall var det ein sterk tropp som reiste til Hundvåg til kamp.
Jørgen som har reist seg som fuglen Fønix gar stått mesterlig på både Suldal 1 og Suldal 2 denne sesongen. Han er sikker med føttene, prate meir og har gode redninger i kvar kamp. Han spelte ein god kamp nok ein gong denne kvelden.
Ingve, Torjus og Rene danna ein rutinert forsvarstrio og kom etterkvart meir med i kampen etter ein noko rufsete start. Det vart litt kaos når Hundvåg 2 kjørte på frå start. Torjus måtte ut 20 minutt før slutt med strekk i dei berømte lyskane sine. Jostein kom inn for Torjus. Kjekt å sjå at det er unge talent i troppen.
Midbanetrioen Jone, Sigurd og Isak hadde som sine stopparkollegaer ein del utfordringer mot gode spelerar frå heimelaget. Dei kom seg også meir utover i kampen. Isak slit med eit kne og måtte ut etter 30 minutt. Håvard gjekk inn sentralt og Lars kom inn på vingback
Vingbackane Marius og Håvard/Lars hadde i starten store utfordringer mot vingane til Hundvåg, men det stabiliserte seg etterkvart.
På topp var Hallvard og Mohammed i kamp mot gode stoppere. Dei kjempa godt uten at det vart så mykje mål utav det
Alt i alt var det eit godt heimelag med mange gode spelerar. I tillegg har underteikna sett Suldal spele bedre enn denne kampen, men det kjenneteiknar gode lag å få poeng ut av slike kampar. Det er ikkje alltid like lett etter ei lang arbeidsveke å spele kamp etter reise til Stavanger. I dag skal likevel Suldal ha ro for å holde hovudet kaldt då både spelerar og tilskuere hos heimelaget gjorde sitt for å legge press på både dommar og gjestene. Hadde dommar fulgt reglene om å gi gult ved oppfordring til å gi kort til motstandar ville det i denne kampen flagra med kort til heimelaget. Ufine kommentarer som ikkje kan skrives her blei også meldt frå både motspelerar og tilskuere. Dette bør var motivasjon god nok til å kunne kjempe Hundvåg 2 i senk i Prestavikjo.
Måla kom slik:
16 min: 1-0 Hundvåg. Der Suldal var heldige med offisde tidlegare er me nå uheldige. Ein Hundvåg spelar kjem frå offside då han får ballen. Dommer bles ikkje og heimelaget sin spiss set ballen I mål.
20 min: 2-0 til Hundvåg. Heimelaget i rødt er gode her. Suldal er det motsatte. Heimelaget kjem for lett til her og får enkelt auke ledelsen sin
40 min: MÅL Suldal!! Mohammed legg inn og Jone er i enden av legget. Sikkert set an ballen i mål. Bedre nå. 2-1
48 min: 3-1 til Hundvåg. Jørgen gjer ei strålende redning og får slått til corner. På corneren ruve det ein i rød drakt og nikker ballen i mål. Kjip start på omgangen
55 min: MÅL Suldal. Hallvard kjem gjennom aleine med keeper. Hundvåg rope på offside, men dommer er uenig. Hallvard er sikker og runder keeper. 3-2
Ca 20 min igjen og Håvard curle ballen i mål frå spissen av 16 meteren..herlig..3-3
Kampen endar 3-3 som må seiast å var eit greit resultat. Det er litt karma dette resultatet då heimelaget viste såpass barnehagenivå i oppførselen sin.
Mål: Jone, Hallvard og Håvard
Neste kamp er laurdag 2 juni kl 13.00 i Prestavikjo mot SIF 2