Yr.no hadde førebudd oss på støvlar og regnklede då ivrigtreninga til Suldalsjentene frå 3.-7. klasse ønska Røldal velkommen til treningskamp i Prestavikjo tysdag ettermiddag. Men denne tysdagen blei alt anna enn grå!

Etter at Røldal ved eit par høve i vinter/tidleg vår lånte eit par jenter frå Suldal for å stilla jentelag til to fotballcupar, vaks tanken om ein treningskamp mellom Røldals- og Suldalsjentene frå 3. – 7. klasse. Ideen trong ikkje modnast lenge før organiseringa mellom trenarane var settla og Iren Slagstad og Geir Bjarte Hoftun, trenarane for ivrigtreninga, skipa til kamp til stor glede for både spelarar og publikum.

Suldalsjentene starta friskt og etter fire minutt kom kampens første scoring for Suldal. Gjestene var kanskje ikkje heilt varm i trøya dei første minutta og kampens andre mål kom etter 11 minutt, også dette til Suldal. Etter kvart blei duellane tettare og spelet veksla frå eine sida til den andre. Inn mot pause var nok ikkje gjestane heilt nøgd med utteljinga framføre mål og dei var tydeleg bestemt då dommar, Tom Gardsteig, blåste i gang andre omgang!

Røldal viste godt pasningsspel og utnytta angrepet så godt ein berre kan! Og då låg ballen i nettet etter berre få minutt. Kampen fekk ny energi og spenninga var tydeleg litt meir til stades både hjå  Suldal og Røldal. Suldal fekk ei ny scoring etter fleire tette duellar, før Røldal igjen følgde opp med ny redusering. Mot slutten av kampen fekk kanskje Suldal utteljing for å stilla med om lag dobbelt så mange jenter som Røldal og fekk sett inn eit par mål til. Kampen enda til slutt 5-2 til Suldalsjentene.

Etter kampen stilte Statkraft med lokale til sosialt treff mellom spelarane, kor dei fekk servert pizza og brus!

Tusen takk for besøket, Ove Turtveit, Renate Bretteig Eide (trenarar Røldal) og alle Røldalsjentene, me ser fram til returoppgjer i Røldal!

Og støvlane kunne me lagt igjen heima, spelarar og sola skein om kapp!

Referent, Kristine Bøe Berge